Hopp til innhold
X
Innhald

Bronislaw Malinowski

Bronislaw Malinowski, 1884–1942, var ein polsk-engelsk sosialantropolog som frå 1927 var professor ved University of London. Han var banebrytande med kravet om intensivt feltarbeid; at forskaren skulle leve seg inn i det samfunnet han studerte.
Malinowski er kjend for grundige studiar av trobriandarane i Melanesia og gav mellom anna ut Argonauts of the Western Pacific (1922), Sex and Repression in Savage Society (1927), A Scientific Theory of Culture (1944), Sex, Culture and Myth (1963).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2012
Sist oppdatert: 02.04.2012