Hopp til innhold
X
Innhald

Charles-Louis, baron de Montesquieu

Charles-Louis, baron de Montesquieu, 1689–1755, var fransk forfattar og politisk filosof. Han er mest kjent for L'Esprit des lois (1748, "Lovens ånd"), der han drøftar dei forskjellige politiske systema og føresetnadene dei byggjer på. Særleg har læra hans om maktfordelingsprinsippet hatt mykje å seie for seinare politisk tenking. Montesquieu skreiv ei rekkje verk om historie og filosofi, og brevromanen Lettres persanes (1721), ein elegant satire om europeisk samfunn og kultur.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.08.2012
Sist oppdatert: 04.08.2012