Hopp til innhold
Foto: Statsministerens kontor
Foto: Statsministerens kontor
X
Innhald

Christian Michelsen

Christian Michelsen, politikar og skipsreiar. Som statsminister førte han Noreg ut av unionen med Sverige i 1905.

Christian Michelsen vart fødd i Bergen 15.mars 1857 og døydde 29.juni i 1925.
Ein større kriseleiar enn Christian Michelsen i 1905 har Noreg neppe fostra. Som kvardagspolitikar var han knapt av dei store, men blant statsministrane er han ein av dei største fargeklattane vi har hatt.
Ein sesongarbeidar
Hans hovudperiode i politikken var frå 1891 til 1907,  men i  45 år gjekk  han med ujamne mellomrom inn og ut av det politiske liv. «Den leilighetsvise politiker», er han blitt kalla. Han var ein politikkens sesongarbeidar, men hadde ei nærast gudegitt evne til å dukke opp akkurat når det var bruk for handlekrafta hans.
I lange periodar var han borte frå det offentlege liv. Då pusla han med sitt, var skipsreiar, eller fekk pleie for nevrosene sine. Så dukka han fram på arenaen på nytt, sterk og handlekraftig. «Det fòr en djævel i meg», som han brukte å seie det sjølv.
Mange har prøvd å løyse «gåta Christian Michelsen», kome under huda på han, men ingen har greidd det. Også biografens hans, professor Thomas Chr. Wyller, må vedgå at Michelsen etterlot seg for lite informasjon om seg sjølv til at ettertida kan forstå han som person. Trass i Michelsens svært joviale ytre, så var han ein sfinks. Slik framstår han også på bilde. Ein alvorleg, nesten litt trist, person.
 
Ein intellektuell heim
Christian Michelsen vart fødd i Bergen  den 15. mars i 1857. Far hans, Jacob Michelsen, var forretningsmann, lokalpolitikar, børskommisær og bankmann, men også oppteken av teater og var med på å stifte eit lokalt vitskapsselskap.
Barndomsheimen til Christian Michelsen var difor litt av eit intellektuelt sentrum i Bergen. Faren var myndig og ikkje spesielt snill. Mora, Caroline, veit vi ikkje mykje om, men det var henne Christian tydde mest til i oppveksten.
Då den unge Christian vart spurt kva han skulle bli når han vart stor, svarte han: «Eg vil bli statsminister». For ein som voks opp i ein heim prega av politikk, og med ein far som dreiv med lokalpolitikk, var det kanskje ikkje så unaturleg at sonen drøymde om å bli politikar, men tanken på å bli statsminister vitna om ambisjonar. Christian Michelsen var ikkje spesielt flink på skulen. I 1872 strauk han og måtte gå opp att sjette klasse. Han var svak i språk og elendig i gymnastikk, men heime arrangerte han teaterstykke og hadde litterær salong alt i tolv-tretten års alderen. 
Frå jus til skipsfart
I 1876 reiste han til Kristiania for å studere jus. Dei første åra vart det mykje studentliv og lite jus, men i 1878 hadde han forlova seg med Benny Wallendahl, dotter til ein rik bergenskjøpmann, og då tok han til å studere. Året etter var han ferdig cand. jur. med laud. Slike skippertak, brå utløysing av oppsamla energi, er typisk for Christian Michelsen gjennom heile livet hans. Han har sjølv vedgått at han som normaltilstand var ein lat person, men så kunne han glimte til med ei handlekraft som tok pusten frå alle rundt han.
Michelsen slo seg ned i Bergen som praktiserande sakførar, og via forretningsjussen kom han meir og meir i kontakt med skipsfart.  I 1884 kjøpte han den første båten sin og avvikla sakførarpraksisen. Han vart skipsreiar på heiltid. Svigerfar Wallendahl ga lån, og bryllupsgåva, ein større villa, vart sett i pant. Nokre år seinare kjøpte han tre båtar til, og innan hundreårsskiftet var han eigar av eitt av dei største laga i landet.
I skipsfart kom det spesielle gemyttet hans til sin rett. Han ønskte også å bli rik i ei fart, og det målet nådde han. Michelsen vart svært velståande.
I fritida vart han engasjert i teaterverksemd. Han var både umusikalsk og fargeblind og heilt utan interesse for sport og friluftsliv. Ikkje las han mykje heller, men teater var han oppteken av, og kom tidleg inn i leiinga for Den Nasjonale Scene. Han vart styreleiar, ein posisjon han hadde livet ut.
Sjukdom
Det var i teatermiljøet han møtte legen og lokalpolitikaren Klaus Hansen, og denne Hansen kom til å stå Michelsen nærare enn noko anna menneske. Det var heim til Bergen og til Klaus Hansen han reiste når nervane slo klikk, og det var under Hansens pleie at han bygde opp handlekrafta på nytt.
Michelsen var sterkt plaga med nervane. Han hadde klaustrofobi, angst for små rom. Søstera var plaga med det same, og det skreiv seg nok frå opplevingar i barndomen. Jernbanekupear og lugaren på dampbåten vart for han eit mareritt, og difor hata han også å reise. Tungsinn var han også tidvis plaga av, på same måten som to andre store politiske leiarar, Frederik Stang og Johan Sverdrup. Betre vart det ikkje av at Christian Michelsen også var hypokonder. Bjørnstjerne Bjørnson hevda at Michelsen ikkje var spesielt sjukeleg av seg: «Han bare faller ned når han ikke har noe å gjøre. Da får han ondt i maven og er dødssyk», sa han.
Han kom tidleg med i lokalpolitikken i Bergen, men dette var ikkje nok. Han ville på Stortinget. Det tok han åtte år, og då måtte han kjempe for å få det til. I 1888 greidde han å bli nominert for Venstre i Bergen, men nådde ikkje opp. I 1891 derimot vart han vald, og i 1892 tok hans sete i stortingssalen. Parallelt med dei nokså korte stortingssesjonane hadde han tid til å vere lokalpolitikar i Bergen og skipsreiar. I 1892 vart han vald til ordførar i Bergen, men sat i berre eitt år.
I utakt
I Stortinget vart Michelsen med ein gong engasjert i unionspolitikken. I starten støtta han fullt ut den aktivistiske lina i unionspolitikken som Venstre hadde lagt seg på, men vart etter kvart meir skeptisk til det han kalla Venstres «knyttenevepolitikk».  Han gjorde seg i høgste grad gjeldande på Stortinget i denne første perioden han var der, men kom meir og meir i utakt med dei førande kreftene i Venstre. Han vart difor trengt til side, og frå 1893 av og ut perioden gjorde han seg lite gjeldande. Han skaffa seg attest på at han var sjuk og held seg mykje i Bergen.
Ved valet i 1894 stilte han ikkje. I fem år framover var han ute av alt som hadde med politikk å gjere. Biografen hans, Thomas Chr. Wyller skriv at han då truleg var oppteken av reiarlaget sitt, nevrosene sine og privatlivet sitt, men han heldt seg godt orientert om det som skjedde i rikspolitikken.
Samlingspartiet
Ved hundreårsskiftet kom det på nytt lyd frå politikaren Christian Michelsen. I 1902 var han drivkraft i etableringa av Morgenavisen i Bergen. Han hadde fått seg talerøyr.
Året etter heldt han eit foredrag i heimbyen der han lanserte eit program for ein ny ideologi og eit nytt partisystem. Foredraget vart trykt i Verdens Gang, og vakte stor oppsikt. Han ville skape eit samlingsparti. 
Leiinga i Venstre avviste Michelsens tankar, sjølv om han hadde venstrefolk med, men opposisjonspartiet, Høgre, hadde mindre å tape, og inngjekk difor eit samarbeid med Michelsen under namnet Samlingspartiet ved valet i 1903.
Samlingspartiet vann valet, og Høgres leiar, Francis Hagerup, skipa regjering. Etter eige ønskje vart Michelsen plassert som ein av statsrådane i Stockholm. Det vart hans første opphald utanlands, men han lærde kongen og svenske politikarar å kjenne, og det skulle kome til nytte seinare. I 1904 kom han heim att og vart handelsminister nokre månader, men frå juli overtok han som finansminister.
Ein slentrande statsråd
Praktisk erfaring i offentleg administrasjon hadde Michelsen berre frå tida som ordførar i Bergen. I det vervet fekk han ord på seg for å vere både lat og unøyaktig. Det heitte seg at han sette seg sjeldan inn i dokumenta, men stolte på intelligensen sin og den evna han hadde til å setje seg raskt inn i sakene.
Hans statsrådkollega, og seinare medutbrytar frå Hagerups regjering, Jacob Schøning, fortel i dagbøkene sine om korleis Michelsen nokre korte månader i 1904 vikarierte for han i Handelsdepartementet. Schøning hadde ikkje fått tid til å ekspedere to store bunkar med saker før han reiste frå departementet. Når Schøning stakk innom neste dag, var bunkane borte, og han spurte Michelsen: «Hvor fanden har du gjort av bunkene?» «Her ser du gutten som kan feie rent», svara Michelsen, men Schøning ville vite om Michelsen hadde gått gjennom alle desse sakene. Då måtte handelsministeren vedgå at han berre hadde signert dei og sendt dei frå seg. Effektiv var han, men grundig og regelbunden var han ikkje.  Det er sagt om han at han var ein slentrande statsråd, og ofte kunne han verke heilt likeglad.
Like etter at regjeringa hadde kome i arbeid, tok Michelsen ein lang sjukepermisjon heime i Bergen. Han treivst heller ikkje med det å vere departementssjef, og ønskte å trekkje seg alt i 1904. Han mangla ansvarskjensle, sa dei. «Får han en dag vondt i magen, løper han fra alt sammen», sa hans gode venn, Ola Thommessen i Verdens Gang.
Ut av unionen
Regjeringa Hagerup som Michelsen var med i, hadde forhandlingar med Sverige om ei ordning for eit eige norsk konsulatvesen som det politiske grunnlaget sitt. Det var sjølvsagt også Michelsen sitt program.
Men han tok nok til å tvile etter nyttår i 1905, og både det at hans statsrådkollega Jakob Schøning snudde og no ville gå inn for å bryte unionen med Sverige, og det at Fridtjof Nansen i februar skreiv ein serie artiklar i Verdens Gang, der han sterkt ivra for at Noreg burde aksjonere på eiga hand, gjorde at også Michelsen fall ned på aksjonslina.
Dermed kom både han og Schøning på kant med statsminister Hagerup, den juridiske eksperten, som ikkje kunne tenkje seg å gå på tvers av grunnlova. Han ville følgje det som vart kalla «den lange lovlina», ved at han brukte paragraf 79 i grunnlova og vedtok konsulatlova to gongar med val imellom, slik at kongen ikkje kunne stanse henne. Lovmessig var dette den rette måten å gjere det på, men det tok tid, og tid var mangelvare slik folkemeininga i Noreg nå hadde blitt.
Kravet om å bryte ut av unionen var bastant. Til og med konservative aviser støtta kravet, og etter ein harmdirrande leiar i Morgenbladet, sytte kong Oscar II for at abonnementet hans vart oppsagt.
Ein dramatisk aksjon
Michelsen satsa altså på aksjon og 28. februar søkte både han og Schøning om å få gå ut av regjeringa. Det vart signalet. Statsminister Hagerup hadde alt i nokre veker sett at dette måtte kome. Han kjende presset, og dagen etter, 1. mars, kunngjorde han i eit brev til kongen at regjeringa gjekk av.
I kong Oscar II sine dagbøker går det fram at han på det tidspunktet vart klar over at unionen ikkje kunne reddast. Regjeringsskiftet vart også innleiinga til nokre få dramatiske månader som for alltid vil gi Christian Michelsen ein stor plass i norsk historie.
Kongen hadde ikkje anna val enn å gi Michelsen oppdraget med i skipe ny regjering, og i ein samtale med kronprins Gustav la Michelsen ikkje skjul på at dersom kongen ikkje godkjende framlegget til lov om eige norsk konsulatvesen, så braut Noreg ut av unionen. I dag veit vi at Michelsens faste haldning gjorde inntrykk på kronprinsen.
I eit møte i det hemmelege utvalet i Riksdagen nokre veker seinare, tok kronprins Gustav til orde for at svenskane måtte vise moderasjon og skånsemd overfor nordmennene. Han innsåg at unionens dagar snart var talte. Nordmennene sto samla bak kravet om å bryte ut, og korkje kronprinsen eller kong Oscar ønskte nokon konflikt mellom broderfolka. Dette veit vi i dag, men norske styresmakter visste det ikkje den gongen. Tvert om, dei frykta krig med svenskane, og i den offisielle svenske framstillinga vart nordmennene framstilt som radikale opprørarar som forstyrra stabiliteten på den skandinaviske halvøya.
 7.juni 1905
11. mars skipa Michelsen regjering. Nå nølte han ikkje lenger, og det var aksjon som prega regjeringsfråsegna hans. 18. mai vedtok Odelstinget lova om eige norsk konsulatvesen. Den 23. mai gjorde Lagtinget det same. Den 27. mai var det statsråd på Stockhom slott. Kong Oscar nekta sanksjon av lova. Dei norske statsrådane avslo å medunderskrive - kontrasignere - kongens avgjerd, og ho var dermed ikkje gyldig. Regjeringa leverte samstundes inn sine søknader om avskjed. Alt var planlagt på førehand. Alle visste at ei ny norsk regjering med støtte i Stortinget ville kongen ikkje greie å skaffe.
Etter ei vekes intense drøftingar i hemmelege møte i Stortinget, kom Stortinget offisielt saman den 7. juni for at fungerande statsminister Christian Michelsen skulle kunne gi ei viktig melding om situasjonen. Dagen før hadde Michelsen telegrafert til vennen sin i Bergen, overlege Klaus Hanssen: «I morgen over Rubicon».
Både han og fleirtalet av nordmenn visste at det vart eit historisk møte onsdag 7. juni 1905. Det var lang kø av tilskodarar som ville inn,  stemninga i stortingssalen var fortetta, men alt gjekk som planlagt. Samrøystes hadde Stortinget vedtek at kong Oscar II hadde slutta å fungere som norsk konge og at unionen dermed var oppløyst.
Ei av dei mest dramatiske avgjerdene i norsk historie, og heile møtet var unnagjort på 25 minutt.
Ein revolusjon?
Ein av dei som var med på dette historiske møtet, og ikkje minst det hemmelege stortingsmøtet natta til 7. juni, då stortingsrepresentantane hadde drøfta seg fram til 7. juni-vedtaket, var skipsreiar, politikar og konsul Sigval Bergesen frå Stavanger.
I eit intervju frå 1955 uttaler han at dei fleste stortingsrepresentantane var sikre på at det skulle bli krig. «Husk, det sto 75 000 svenske og 35 000 norske soldater kloss inntil grensen og kunne gjerne snakke sammen.» Den avgåtte statsministeren, Francis Hagerup, sa då også: «Ingen vil krig, men tenk på hva et vådeskudd kan utløse i nattens mulm og mørke!»
Var det revolusjon det norske Stortinget hadde gjort ved vedtaket sitt? Svenskane meinte det, men i så fall var det ein kort og fredfylt revolusjon. «It is the most gentlemanlike revolution in history», det er den mest gentlemannsaktige revolusjonen nokon gong, skreiv lord Landsdowne, den britiske utanriksministeren i eit privat brev til Chr. Michelsen. 7. juni-vedtaket var som historikaren Wilh. Keilhau skriv, «dårlig jus, men fremragende psykologi». 
Det er opplagt at Stortinget gjennom vedtaket sitt braut grunnlova som sa at Noreg var sameint med Sverige under ein konge, og det er opplagt at Stortinget braut unionsavtalen, Riksakten, som berre kunne endrast med begge land sitt samtykke. Michelsen var klar over at vedtaket om lausriving frå unionen berre kunne få effekt dersom andre land godtok det som rettsgyldig. Svenskane gjorde det ikkje, og også i andre land vart regjeringa stempla som revolusjonær.
Kvinnene deltok
Svenskane kravde forhandlingar, og Michelsen sa ja til det. Han innsåg at han ikkje hadde noko val, og den realismen Michelsen viste etter 7. juni 1905 er truleg viktigare for hans plass i norsk historie enn det han sa og gjorde på førehand.
Han forsto at svenskane ville krevje folkeavstemming, og kom dei i forkjøpet. Han visste at det berre var eit fåtal i Noreg som støtta unionen, og han fekk rett.
Folkeavstemminga den 13. august viste at 368 208 ville lausrive Noreg frå unionen og berre 184 ville at unionen skulle halde fram. I tillegg var det 244 765 kvinner som skreiv under på at Noreg burde gå ut av unionen. Kvinnene hadde ikkje stemmerett i folkeavstemminga, og fekk først vanleg stemmerett 7. juni 1913.
Ei fast hand
Ei slik folkemeining var god å ha med seg til forhandlingane med svenskane i Karlstad. Dei starta 31. august og vart svært vanskelege.
Michelsen la stor vekt på å mildne motsetnaden og få til ein avtale, men folkemeininga både i Sverige og i Noreg var bortimot militant. Ein rusta seg då også til krig i begge landa, i tilfelle forhandlarane i Karlstad ikkje greidde å bli samde. Christian Michelsen blir av dei fleste som har studert det som skjedde, tillagt hovudæra for at Karlstadforliket var så gunstig for Noreg som det vart.
Han leia den norske delegasjonen med fast hand, men var samstundes modererande og smidig i høve til svenskane.
No når det galdt som mest var han ikkje sjuk og nervane var ikkje i ulage. Tvert om, han var den friskaste og mest humørfylte av dei alle. Det blir fortalt at i lunsjpausane under forhandlingane så lot svenskane nokre soldatar marsjere opp og ned framfor vindauga i rommet der delegasjonane sat og åt. Det gjentok seg kvar dag. Så ein dag drog den svenske statsminister Lundberg Michelsen med seg bort til vindauga og sa: «Kjekke karar, ikkje sant?» Michelsen skal ha svara at han tykte soldatane marsjerte betre dagen før. Han var uråd å bringe ut av fatning mens dette sto på. 
23. september var avtalen ferdig. Dei norske grensefestningane mellom Kongsvinger og Halden skulle leggast ned, men dei gamle festningane Fredriksten og Kongsvinger skulle få stå. Kravet om nedlegging av grensefestningane vakte sterke reaksjonar i Noreg. Opposisjonen meinte at Michelsen hadde vore for ettergivande, men då han stilte kabinettspørsmål på Karlstadforliket viste det seg at det var berre 16 som stemde imot.
Kabinettspørsmål til folket
Då sto det igjen å avgjere norsk statsskikk. Skulle vi framleis vere kongedømme eller skulle vi bli republikk. Michelsen og heile regjeringa, bortsett frå han som seinare skulle bli statsminister, Gunnar Knudsen, heldt på kongedømme. Eit solid fleirtal i Stortinget hadde også støtta det, og alt i god tid før statsskikken skulle avgjerast hadde Michelsen via mellommenn vore i kontakt med det danske kongehuset og prins Carl for å få han til å bli norsk konge. Han kravde at det norske folket sto bak tilbodet, og i ei ny folkeavstemming i november viste at 79 prosent av veljarane ville ha kongedømme.
Michelsen hadde i denne saka varsla at regjeringa ville gå om folkefleirtalet røysta for republikk. Han stilte på ein måte kabinettspørsmål til folket, slik Trygve Bratteli gjorde det ved EF-avstemminga i 1972, men personleg var ikkje Michelsen nokon glødande tilhengar av kongedømme. For han var det eit praktisk spørsmål, og akkurat då ville det skape minst bråk i omverda om Noreg vart verande monarki. 
Eit fritt monarki
Prins Carl tok kongenamnet Haakon og statsminister Michelsen tok imot dei den 25. november ombord på det norske marinefartøyet «Heimdal» i Drøbaksundet. Saman steig dei i land i Kristiania og det vart feira og festa over heile landet i fleire dagar. Michelsen vart også det nye kongeparet sin læremeister den første tida, og deira gode ven og rådgivar resten av livet.
Noreg var fritt og hadde fått eigen konge. Nå skulle Christian Michelsen leie landet inn i det han kalla «den nye arbeidsdagen». Det vart då også ein travel arbeidsdag. Tida frå 1905 og fram til første verdskrigen i 1914 vart ein vekstperiode utan like til då. Industrireisinga skaut fart. Norsk Hydro vart etablert og ei lang rekkje kraftverk vart bygt. Michelsen sjølv var skeptisk til industrialiseringa. Han frykta at Noreg også ville få eit industriproletariat og aukande klassekamp. Sjølv om Michelsen hadde skaffa seg ein posisjon som statsmann både i norsk og europeisk opinion, viste det seg at den regjeringa han hadde tufta på Samlingspartiet, rakna når limet frå unionsstriden var borte.
Venstre vann valet i 1906, men på grunn av Michelsen si sterke stilling var det politisk uråd å felle regjeringa. 28. oktober i 1907 derimot leverte Michelsen inn regjeringa sin søknad om avskjed. Legen hans hadde rådd han frå å halde fram lenger på grunn av hans dårlege hjarte.
Heim til Bergen
Utanriksminister Jørgen Løvland vart ny statsminister. Michelsen reiste heim til Bergen, 50 år gamal, og kom resten av livet berre tidvis til syne i det politiske landskapet. Han slo seg ned på Gamlehaugen ved Bergen.  I 1909 deltok han som ein av initiativtakarane til skipinga av partiet Frisinna Venstre, men ville sjølv ikkje ha verv i partiet.  Etter at leiaren i Høgre, Otto B. Halvorsen, hadde rådd kong Haakon til å be Michelsen prøvde å skipe ei samlingsregjering i 1919, gjorde han eit kort forsøk, men utan hell. Hans siste politiske handling var vel at han var fadder til skipinga av Fedrelandslaget i 1925.
Ved krigsutbrotet i 1914 hadde han selt heile flåten sin, og avvikla reiarlaget. I staden dreiv han med andre forretningar og kjøp og sal av fritidseigedomar i den bergenske skjærgarden. Kona si miste han i 1910, og hans beste venn, doktor Klaus Hansen, fall frå i 1914. Sin einaste son miste han i 1921, og då den einaste dottera  hans ikkje hadde livsarvingar, vart han sterkt oppteken av testamentet sitt. Han testamenterte alt han eigde til ei stifting som skulle drive eit institutt for vitskap og åndsfridom, Chr. Michelsens institutt i Bergen, som er i drift den dag i dag.
Fredrik Stang, soneson av den første norske statsministeren og son til Emil Stang, skriv i ein omtale av Michelsen: «Han var ikke skikket til å regjere en menneskealder. Han var en Aladdin, hvis forunderlige lampe flyttet Noreg ut av unionen på en eneste natt. Hans taler ble aldri lesestoff, hans historie tok intet langt løp, men han skapte eventyret, og det vil leve.»
29. juni 1925 døyr Christian Michelsen, 68 år gamal.  

 
Kjelder
 
 
Utdrag frå Harald Kjølås: Norske statsministrar, Det Norske Samlaget 1999
Redigert med digital einerett etter avtale med Det Norske Samlaget 2012

Først publisert: 02.03.2012
Sist oppdatert: 07.06.2013