Faktaboks

Claudio Monteverdi

Claudio Zuan, Antonio Monteverdi eller Claudio Giovanni Antonio Monteverdi.

Født Claudio Zuan Antonio Monteverdi

Uttale
montevˈerdi
Fødd
1567, Døpt 15. mai 1567 i Cremona, Lombardia
Død
29. november 1643, Venezia, Republikken Venezia (nå Italia)
Claudio Monteverdi
Claudio Monteverdi var ein italiensk komponist. Frå 1601 kapellmeister hos hertugen av Mantova, frå 1613 kapellmeister ved Markuskyrkja i Venezia. Måleriet er frå rundt 1630.

Claudio Monteverdi var ein italiensk komponist, kapellmeister, songar, fiolinist og gambist. Som ein av dei store musikkdramatikarane bidrog Monteverdi vesentleg til utviklinga av operaen. Med sin meisterlege teknikk og sitt musikalske framsyn bygde Monteverdi bruer på tvers av stilartar og århundre. Han blir derfor rekna for å vere ein av dei viktigaste komponistane i overgangen mellom renessansen og barokken.

Bakgrunn

Den musikalske oppfostringa fekk Monteverdi sannsynlegvis i domkoret i Cremona ved kapellmeister Marc-Antonio Ingegneri, som han tileigna sine første bøker med motettar og geistlege madrigalar. Truleg fekk Monteverdi opplæring av Ingegneri i det reine, klare og elegante kontrapunktet i tradisjonen til Giovanni Pierluigi da Palestrina. Samtidig søkte den unge Monteverdi seg også mot dei meir vågale, moderne uttrykka i musikken til komponistar som Luca Marenzio og Luzzasco Luzzaschi (1545–1607).

Madrigalane

Monteverdi blei tidleg i 1590-åra tilsett som musikar ved hoffet til hertug Vincenzo av Gonzaga i Mantova, kor han i 1601 oppnådde stillinga som kapellmeister. Der hadde Monteverdi framifrå musikarar til rådvelde, deriblant songarar som var i stand til å framføre den ofte svært virtuose vokalmusikken han skreiv, i både kammermusikalske rammer så vel som teatret. Med frivol kromatikk, ville ordmaleri og brå stemningsskifte er madrigalane til Monteverdi ofte for musica reservata å rekne – ein innvikla og svært uttrykksfull vokalpolyfoni meint for kjennarar. Heile ni bøker med madrigalar er bevarte etter Monteverdi. Dei er skrivne over eit tidsrom på nesten femti år, viser veg mot den gryande barokkepoken og vitnar om korleis den unge Monteverdi etter kvart losnar banda til renessansepolyfonien.

Generalbass var ei av mange nyvinningane Monteverdi tok i bruk for å gi songaren meir handlingsrom, noko som utvida madrigalforma til å ikkje berre omfatte reine korverk. Stile concertato, som kontrasterer mellom monodisk stil og innslag av variert instrumentalmusikk, gjer at mange av dei seinare madrigalane minner om små kantatar eller operascener, ofte berre med éin songsolist i bildet. Ein av dei mest slåande madrigalane hans i concertato-stilen er kanskje Il combattimento di Tancredi e Clorinda: ei tragisk kjærleikssoge om korsfararen som i tvekamp drep den forkledde muslimske stridskvinna han har forelska seg i. Her finst også eit av dei tidlegaste eksempla på pizzicato, så vel som effekten Monteverdi kalte stile concitato («agitert stil»), kor strykarane gjentar raske sekstandedelsnotar for å uttrykke sinne.

Kontrovers

Ved århundreskiftet blei musikken til Monteverdi midtpunktet for ein kjent ordstrid. Giovanni Artusi (1540–1613), ein konservativ elev av Gioseffo Zarlino, gav i år 1600 ut ei avhandling om «ufullkommenskapen til den moderne musikken», kor madrigalane til Monteverdi blei kritiserte for å bryte med dei tradisjonelle reglane for kontrapunkt. I skriftene hans gjorde Artusi ikkje opphavsmannen til kjenne, og han utelét også tekstane som Monteverdi hadde tonesett madrigalane til. Kritikken tok blant anna for seg forhaldningar som ikkje var korrekt førebudde og oppløyste, den ofte svært dissonante kromatikken, den frilynte omgangen med dei gamle modiane, så vel som bruken av den nye resitativforma.

I ein oppfølgar frå 1603 la Artusi fram brevvekslingar med L'Ottuso Accademico («den sløve akademikaren»). Denne anonyme forsvararen av Monteverdi argumenterte med at måten han komponerte på, lét kjenslene i teksten komme til sin fulle rett. Teksten gav gjenlyd, ord for ord, i notane han skreiv. Det gjekk ytterlegare to år før Monteverdi sjølv involverte seg offentleg i polemikken. I den femte boka med madrigalar frå 1605 understreka Monteverdi korleis teksten skulle vere «herskarinna til musikken», og at dei gamle satsreglane måtte vike i søken etter ekspressivitet. Seconda pratica («den andre praksis»), som Monteverdi kalte den nyskapande musikkstilen sin, blei ein motsetnad til den gamle prima practica («den første praksis») hos forgjengarane hans.

Debut som operakomponist

L'Orfeo
Tittelbladet til L'Orfeo i ei utgåve frå 1609
Av .
Lasciate mi morire
Lasciatemi morire, første del av Ariannas klagesong
Av .

I 1607 skreiv Monteverdi sin favola in musica («eventyr i musikken») for hoffet i Mantova: L'Orfeo. Her tar Monteverdi for seg den klassiske myta frå Metamorfosane om elskarane Orfeus og Evrydike og korleis Orfeus med krafta til musikken fåfengt prøver å berge sin store kjærleik ut av Hades, etter at ho har døydd av eit slangebit. Operaen L'Orfeo bygger vidare på Euridice til Jacopo Peri, men framstår som langt meir kreativ i instrumentasjon og blandinga av resitativ og ariosi. Den formidable måten Monteverdi fletta resitativ, arier, ballett, korparti og instrumentalmusikk saman til éi tettvoven dramatisk eining, gjorde til slutt at L'Orfeo skulle definere operaen som kunstart. I dette mangfaldet av kunstuttrykk stod alle musikalske og teatralske element i teneste til librettoen.

Året etter L'Orfeo komponerte Monteverdi L'Arianna. Som med dei fleste av operaene Monteverdi skreiv, er musikken til denne i hovudsak gått tapt. Unntaket er den hjarteskjerande klagesongen Lamento d'Arianna, som finst i eit arrangement som femstemmig madrigal, i tillegg til ulike monodiske former som stammar frå sjølve scena i operaen. Derfrå finst også arrangementet Pianto della Madonna, kor Ariadne er bytt ut med Maria som sørger ved den korsfesta Jesus Kristus. Dei kantete, brå linjene og veldet av tverrstand og vågal kromatikk gjer at klagesongen skil seg ut som eit av dei drygaste eksempla frå det harmoniske arsenalet til Monteverdi. Som i madrigalane skyr Monteverdi i operaene heller ingen musikalske verkemiddel for å fremje det emosjonelle innhaldet i teksten.

Vegen mot Venezia

I 1610 blei Vespro della Beata Vergine, Mariavesperen, utgitt i Venezia. Denne var Monteverdi sitt mest ambisiøse kyrkjemusikalske verk, komponert for opptil ti korstemmer, songsolistar og seksstemmig orkester beståande av zinkar, tromboner, strykarar og generalbass. Her bind Monteverdi gregorianske salmar saman med ei rekke motettar og andre mellomsatsar som fungerer som antifonar. I dette sofistikerte verket blir teknikkar frå både prima og seconda practica stilte side om side, deriblant monodi, stile concertato og korsatsar i stile antico («gammal stil»). For Monteverdi var kanskje Maria-vesperen eit forsøk på å finne ein ny arbeidsgivar, då kåra hans i Mantova stadig forverra seg. Eit par år seinare blei han sagd opp av den nye hertug Francesco.

Hamnebyen Venezia var på starten av 1600-talet eit økonomisk og kulturelt kraftsentrum, kor Markuskyrkja var ein førande institusjon i kyrkjemusikken. Der blei Monteverdi utnemnd til kapellmeister i 1613. I kraft av denne stillinga skreiv han mesteparten av dei geistlege verka sine. Monteverdi reformerte også musikken i katedralen, kor fokuset skifta frå fleirkorige verk mot den moderne stile concertato. Høgdepunktet frå yrket hans som kapellmeister i Markuskyrkja var avgjort samlinga Selva Morale e Spirituale («Den moralske og åndelege skogen»), som blei ferdigstilt i 1640. I likskap med Mariavesperen var denne samlinga ei samanfatning av musikk i mange ulike stilarter, former og besetningar. Likevel er Selva Morale e Spirituale ikkje einskapleg i tematikk, men heller eit kompendium med mange ulike religiøse emne.

Dei to andre operaene som er bevarte etter Monteverdi, Il ritorno d'Ulisse in Patria (Ulysses' heimkomst i fedrelandet) og L'Incoronazione di Poppea (Poppeas Kroning), blei skrivne mot slutten av livet hans. Desse var mynta på eit større publikum, då dei blei komponert for Teatro San Cassiano, som var det første offentlege operahuset. Mens Ulysses' Heimkomst er meir konservativ i utforming og tematikk, har Poppeas Kroning klart innovative trekk. Her er den hellenske mytologien erstatta med historiske figurar frå gamle Roma, i eit blodig drama kor moralen er snudd på hovudet. Med Poppeas Kroning blei også arie- og duettformene utvikla til heilt sjølvstendige former, utan at dei stod i vegen for det dramatiske forløpet.

Verkliste

Lista er ikkje uttømmande og inneheld i hovudsak kun bevarte verk. Mykje av vokalmusikken til Monteverdi blei publisert i antologiar som ikkje er lista.

Operaer

Årstal Tittel Merknad
1607 L'Orfeo
1608 L'Arianna Musikken er i hovudsak tapt
1641 Il ritorno d'Ulisse in Patria
1643 L'Incoronazione di Poppea

Geistleg vokalmusikk

Årstal Tittel Merknad
1582 Sacrae cantiunculae tribus voci Motettar
1583 Madrigali spirituali a quattro voci Geistlege madrigalar – kun basspartiet er bevart
1610 Vespro della Beata Vergine Tekster knytta til Mariafest
1641 Selva Morale e Spirituale

Bøkene med madrigalar

Årstal Tittel Merknad
1587 Madrigali, libro primo Første bok
1590 Il secondo libro de madrigali Andre bok
1593 Il terzo libro de madrigali Tredje bok
1603 Il quarto libro de madrigali Fjerde bok
1605 Il quinto libro de madrigali Femte bok
1614 Il sesto libro de madrigali Sjette bok
1619 Concerto: settimo libro de madrigali Sjuande bok
1638 Madrigali guerrieri et amorosi Åttande bok – «Strids- og kjærleiksmadrigalar»
1651 Madrigali e canzonette... libro nono Niande bok – blei utgitt posthumt

Annan verdsleg vokalmusikk

Årstal Tittel Merknad
1584 Canzonette, libro primo
1607 Scherzi Musicali Første bind
1632 Scherzi Musicali Andre bind

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • Arnold, Denis: The Monteverdi Companion (1968)
  • Arnold, Denis: Monteverdi church music, 1982
  • Arnold, Denis: Monteverdi madrigals, 1967
  • Arnold, Denis: Monteverdi, 3rd ed., 1990
  • Carter, Tim: Monteverdi and his contemporaries, 2000
  • Carter, Tim: Monteverdi's musical theatre, 2002
  • Fabbri, Paolo: Monteverdi (2007) – omsetting ved Tim Carter
  • Gordon, Bonnie: Monteverdi's unruly women : the power of song in early modern Italy, 2004
  • Leopold, Silke: Monteverdi : music in transition, 1991
  • Rosand, Ellen: Monteverdi's Last Operas (2007)
  • Stevens, Denis, utg.: The letters of Claudio Monteverdi, rev. ed., 1995
  • Taruskin, Richard: Music in the Seventeenth and Eighteenth Centuries (Oxford History of Western Music, 2006)
  • Tomlinson, Gary: Monteverdi and the end of the Renaissance, 1987
  • Wikshåland, Ståle: "-en melodi som unnslipper, en innskrift som består" : studier i Claudio Monteverdi og musikalsk barokk, 1997

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg