Hopp til innhold
X
Innhald

Colin Maclaurin

Colin Maclaurin, 1698–1746, skotsk matematikar. 17 år gamal vart han utnemnd til professor i Aberdeen, og i 1725 i Edinburgh. I ei avhandling frå 1742 finst det mest kjende resultatet hans: at ein funksjon på visse vilkår kan utviklast i ei potensrekkje, som då gjerne vert kalla ei maclaurinrekkje. Ho er eit spesialtilfelle av taylorrekkja.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012