Faktaboks

Dagfinn Mannsåker
Fødd
30. juni 1916, Ullensvang, Vestland
Død
16. juli 1994, Oslo
Dagfinn Mannsåker
.
Lisens: CC BY SA 4.0
Riksarkivar Dagfinn Mannsåker
Riksarkivar Dagfinn Mannsåker på kontoret sitt hos Riksarkivet på Bankplassen i Oslo på 1970-talet. Som riksarkivar (1965–1982) var den største oppgåva hans reisinga av Riksarkivet på Kringsjå. Bygget stod ferdig i 1978.
Av /Riksarkivet .

Dagfinn Mannsåker var historikar og riksarkivar. Han gjorde ein viktig innsats for å byggje nytt riksarkiv på Kringsjå i Oslo.

Bakgrunn

Dagfinn Mannsåker var fødd i Ullensvang. Etter realartium valde han filologistudiet og tok embetseksamen ved Universitetet i Oslo i 1945, med historie hovudfag. I 1955 vart han dr.philos.

I 1945–1950 var Mannsåker adjunktstipendiat i kyrkjehistorie ved Universitetet i Oslo, deretter forskingsstipendiat. Frå 1954 var han lektor ved Aars og Voss skole og i 1959–1965 universitetslektor i historie ved Universitetet i Oslo. I åra 1965–1982 var han riksarkivar.

Historikar

Som historikar arbeidde Mannsåker særleg med 1800-talet. Alt i hovudfagsoppgåva om Jacob Aall kom denne interessa til uttrykk. I tida som stipendiat var han med på å gi ut den tekstkritiske utgåva av skriftene til lekmannsleiaren Hans Nielsen Hauge. Dei kom i åtte band frå 1947. Doktoravhandlinga Det norske presteskapet i det 19. hundreåret. Sosialhistoriske studiar var ein svært grundig analyse av rekrutteringa til presteskapet og vert omtalt som eit pionerarbeid i norsk sosialhistorie.

Den største oppgåva som riksarkivar var reisinga av Riksarkivet på Kringsjå. Bygget stod ferdig i 1978.

Verv og administrasjonsoppgåver

Han hadde mange tillitsverv og administrasjonsoppgåver, mellom anna var han redaktør for Historisk Tidsskrift 1955–1970 og formann i Den norske historiske forening 1966–1972. Vidare var han styreleiar for Noregs musikkhøgskole i ti år frå opprettinga i 1972. Sjølv var han ein habil cellist. Han hadde studert ved Musikkonservatoriet i Oslo og var aktiv orkestermusikar gjennom mange år. Mannsåker var òg aktiv i målrørsla. I 1958–1961 var han formann i Bærum Mållag og i 1960–1964 leiar i Kringkastingsringen.

For innsatsen for norsk kulturliv vart han heidra med St. Olavs Orden av 1. klasse i 1983. Dagfinn Mannsåker var bror til KrF-politikaren Bergfrid Fjose.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Skodvin, Magne (1996): «Minnetale over riksarkivar dr.philos. Dagfinn Mannsåker», Det Norske Videnskaps-Akademi. Årbok 1995. Oslo: Det Norske Videnskaps-Akademi

Faktaboks

Dagfinn Mannsåker
Historisk befolkingsregister-ID
pc00000002947298

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg