Faktaboks

Dagmar Myhrvold
Fødd
19. april 1898, Oslo
Død
21. april 1972, Oslo
Frå førestillinga «Medmenneske»

Dagmar Myhrvold (i midten) i rolla som Tale i Olav Duuns «Medmenneske» på Det Norske Teatret, saman med Lars Tvinde og Ragnhild Hald. Truleg fotografert i 1937.

Av /Oslo Museum.
Lisens: CC BY 4.0

Dagmar Myhrvold var ein norsk skodespelar. I nesten 50 år var ho knytt til Det Norske Teatret som skodespelar, instruktør og pedagog, og heilt frå sine tidlegaste ungdomsår gjekk inn for å fremje nynorsken.

Dagmar Myhrvold var fødd i Oslo. Ho var utdanna ved Sofie Bernhofts teaterskule i Oslo og tok eit års teaterstudium i København. I 1916 debuterte ho på Edvard Drabløs sitt turnéteater og var med ensemblet på ein ni månaders speletur land og strand rundt.

Frå 1919 til 1968 var Myhrvold tilsett ved Det Norske Teatret. I den lange karrieren sin gav ho sceneliv til om lag 150 roller og hadde sjølv regien for eit titals oppsetjingar. I tillegg til teaterrollene spela ho i mange filmar.

Skodespelarkarriere

Myhrvold fekk utfalde seg i svært ulike roller, frå komediar til avansert dramatikk, av norske og utanlandske forfattarar. I 1917 bar det ut på ny turné, med Dødsdansen av August Strindberg, der ho spela rollene både som ungjente og gamal kone – og stod i tillegg for scenemusikken. Speleferdene var viktige læreår, som gjorde den unge skodespelaren kjend med ulike folkelynne og med det nynorske språket.

Etter Dødsdansen spela Myhrvold i fleire komediar, mellom dei Godvakker-Maren og Ungen av Oskar Braaten. I 1924 sette teatret opp den heilsvarte komedien R.U.R. av Karel Čapek, ein framtidsvisjon der menneska har vorte robotar, og der Myhrvold gir marionettliknande liv til eit maskinmenneske. Ein annan beisk komedie kom i 1950 med Den gale frå Chaillot. I dette stykket vert det oppdaga olje i bydelen Chaillot i Paris, og pengegriske utbyggjarar raserer store delar av hovudstaden for å tak i det svarte gullet.

I 1930-åra vart det sett opp realistiske samtidsdrama ved teatret. Eugene O’Neills Alle Guds born har vengjer, frå 1931, handlar om svart/kvitt-ekteskap og rasefordomar i USA, og her spela Myhrvold mora til den svarte hovudpersonen. Livet som det er, frå 1936, er ei kvardagsskildring frå engelsk arbeidarklassemiljø. Stykka fekk gode kritikkar – men dei var altfor triste til å trekkje publikum.

Den rolla Myhrvold spela flest gonger, var som Tale i Medmenneske av Olav Duun. Urpremieren var i 1937, og seinare vart stykket sett opp fem gonger. Då Myhrvold feira 50-årsjubileum som skodespelar i 1966, vart det avduka eit portrett av henne, nettopp i rolla som Tale.

Instruktør og pedagog

Ved sida av skodespelargjerninga var Myhrvold i ein 20-årsperiode aktiv som instruktør. Dei tolv stykka ho sette i scene, hadde motiv frå nære og fjerne himmelstrok. Norsk samtidsdramatikk av Tarjei Vesaas, Lars Berg og Olav Hoprekstad fekk følgje av Heimkomen helt av Walter Macken, med handlinga lagd til Irland, og Den gode jord av Pearl Buck, der dramaet går føre seg i ein fattig bondefamilie i Kina. Syster Mary, frå 1952, byggjer på ein engelsk krimroman, og teateroppsetjinga var lagd opp som ein psykologisk thriller.

Myhrvold var oppteken av at unge skodespelarar måtte få grundig opplæring i scenekunst. Ho underviste ved Det Norske Teatret sin eigen elevskule og leidde denne skulen frå 1947 til 1949. Utanfor teatret var ho ei av drivkreftene bak opprettinga av Statens teaterskole, som opna i 1953. Der var ho lærar i fleire år. Ein av dei første elevane hennar derfrå sa om henne at ho var ein svært konkret pedagog – teknikk var viktig, og ho kunne bruke ein time på å øve inn eit par replikkar. Ho kjende stort ansvar for elevane og la vekt på at dei skulle vere trygge på scena før dei møtte publikum og kritikarar.

Myhrvold vart pensjonert i 1968, men heldt fram med det kunstnarlege arbeidet sitt heilt til ho vart sjuk. På scena spela ho i stykke av Aiskylos og Federico Garcia Lorca, og ho hadde ei filmrolle i Brent jord i 1969. Den siste rolla ved Det Norske Teatret var som barnepike i Marija i 1971.

Myhrvold fekk Hulda Garborgs reisestipend i 1932.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Finn Kvalem: Jubileumstale til Dagmar Myhrvold 1966, Arkivet til Det Norske Teatret
  • Kristian Elster: Teater 1929–1939. Oslo 1941
  • Nils Sletbak (red.): Det Norske Teatret 1913–1963. Oslo 1963

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg