Hopp til innhold
X
Innhald

Dagne Groven Myhren

Dagne Groven Myhren, kvedar og forskar med tydeleg og engasjert røyst.

Dagne Groven Myhren er fødd 19. september 1940 i Oslo. Ho har undervist i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo sidan 1972 og var professor II same staden i perioden 1998–2003. I tillegg til nordisk har ho studert folkeminnevitskap og musikk. Ho har vore statsstipendiat sidan 1990.
I 1988 blei Groven Myhren dr.philos. ved Universitetet i Oslo med avhandlinga Kjærlighet og logos, som er ein studie av Henrik Wergelands «verdensdikt» («Skabelsen, Mennesket og Messias» og «Mennesket»). Avhandlinga blei gitt ut som bok i 1991. Utanom Wergeland har ho i forsking og formidling vore sterkt oppteken av Ingeborg Riefling Hagen, som var tanta hennar på morssida. Ho har vore engasjert i Suttung-rørsla, stifta av Riefling Hagen, og er elles ein aktiv debattant i dagspressa og andre fora. Andre forskingsinteresser innanfor norsk litteratur omfattar Hans E. Kinck, Tarjei Vesaas og folkedikting som «Draumkvedet».
Musikar og komponist
Som songar har Groven Myhren tileigna seg songtradisjonar frå Telemark, og fleire har framheva den stilistiske spennvidda og sensitiviteten i songen hennar. Forutan frå faren, Eivind Groven, har ho fått viktige impulsar frå Talleiv Røysland og Aslak Brekke. NRK byrja å gjere opptak av henne i 1964, og same året tok ho til å lage folkemusikkprogram for NRK Radio. Ho var mellom initiativtakarane til kvedarkursa på Club 7 i Oslo, der ho underviste frå 1975 av, og ho var medredaktør for antologien Ei vise vil eg kveda (1978). Ho har vidare vore dagleg leiar for Eivind Grovens institutt for reinstemming sidan 1977, og ho er med på platene Eivind Groven med hardingfele og seljefløyte på nye og gamle vegar (1981) og Som symra rein og blå. Eivind Grovens reinstemde orgel (1985). Ho har òg sett tone til fleire tekstar av Wergeland, Riefling Hagen, Bjørnson og andre. Fleire av dei er med i Suttung forlags songbok, Der bruser toneelver, der blinker folkesang (1984) og kan høyrast på CD-en med same namn (2008).
Kjelder
Andreas Bjørkum, Magne Myhren, Bjørn Aasland (red.): Folkemusikk og folkemusikkutøvarar i Noreg, bd. 2. Oslo 2006 
Dagne Groven Myhren: «Vokal folkemusikk. En tradisjon og en revolusjon», Årbok for norsk folkemusikk. Oslo 1994
Rolf Myklebust: 50 år med folkemusikk. Oslo 1982

Først publisert: 26.08.2011
Sist oppdatert: 25.04.2013