Hopp til innhold
X
Innhald

Edmé Mariotte

Edmé Mariotte, 1620–84, var fransk fysikar. Han oppdaga, litt etter R. Boyle, gasslova som seier at produktet av trykk og volum er konstant når temperaturen blir halden konstant i ei avgrensa gassmengd, kalla Boyles lov i England og Mariottes lov i Frankrike. Mariotte gjorde ei rekkje vitskaplege oppdagingar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.12.2011
Sist oppdatert: 01.12.2011