Hopp til innhold
Edvard Moser. Foto: Ned Alley, ved Faculty of Medicine NTNU, Flickr.com CC BY-NC 2.0.
Edvard Moser. Foto: Ned Alley, ved Faculty of Medicine NTNU, Flickr.com CC BY-NC 2.0.
X
Innhald

Edvard Moser

Edvard Ingjald Moser, professor i nevrovitskap og leiar for Kavli Institute for Systems Neuroscience i Trondheim. Fekk nobelprisen i medisin i 2014 for oppdaginga av gittercellene, også kalla hjernens navigasjonssystem.

Edvard Moser er fødd 27. april 1962 i Ålesund og er busett i Trondheim. Han studerte psykologi ved Universitetet i Oslo i 1985–90 og tok doktorgraden i nevrofysiologi ved Det medisinske fakultetet same staden i 1995, med avhandlinga «Field potential changes in the dentate gyrus during spatial learning in the rat».

Moser vart førsteamanuensis i biologisk psykologi ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i Trondheim i 1996 og professor i nevrovitskap same staden i 1998. I 2002 vart Moser leiar for Senter for hukommelsesbiologi (CBM), eit av dei første norske sentra for framifrå forsking.

I 2005 oppdaga Moser saman med kollegaer gittercellene, spesielle nerveceller i hjernen til pattedyr, som dannar eit koordinatsystem som hjelper dyret til å orientere seg i rommet.

CBM fekk finansiering frå den amerikanske Kavli-stiftinga i 2007 og endra då namn til Kavli Institute for Systems Neuroscience. Forskingsprogrammet vart utvida, og målet for forskinga er å bruke samanhengen mellom romleg orientering og minne til å finne generelle prinsipp for nettverk av nerveceller i pattedyrhjernen, og korleis dei skaper psykologiske funksjonar.

Moser fekk tildelt nobelprisen i medisin i 2014 for oppdaginga av gittercellene. Det var første gongen denne prisen gjekk til ein nordmann.

(Artikkelen held fram under biletet)

Edvard og May-Britt Moser. Foto: Geir Mogen/NTNU, via Faculty of Medicine NTNU, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

May-Britt og Edvard Moser. Foto: Geir Mogen/NTNU, via Faculty of Medicine NTNU, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Hippocampus og stadceller

Som psykologistudent vart Moser interessert i fagfeltet nevrovitskap, og spesielt korleis aktiviteten i nerveceller vert omsett i åtferd. Nevrovitskapen var uetablert i Noreg på den tida, og Moser har i stor grad utvikla fagfeltet i Noreg, i samarbeid med May-Britt Moser, som han var gift med i 1985-2016.

Til å begynne med studerte ekteparet hippocampus, ein viktig struktur i hjernen til pattedyr. Hippocampus spelar ei nøkkelrolle i lagring av minne og i romleg navigasjon. Tidleg i 1970-åra oppdaga John O'Keefe, professor i nevrovitskap ved University College i London, at nokre celler i hippocampus hos rotter fyrte av eit elektrisk signal når rotta var på ein bestemt stad i rommet. Desse cellene kalla han stadceller. Etter doktorgraden hadde Moser eit opphald ved laboratoriet til O'Keefe i London, der han lærte å måle elektrisk aktivitet i enkeltceller hos levande rotter ved å implantere elektrodar i hjernen deira.

Oppdaginga av gittercellene

Ved NTNU heldt ekteparet Moser fram med å utforske stadcellene ved hjelp av elektrodeteknikken og oppdaga at aktiviteten i stadcellene ikkje oppstår i sjølve hippocampus, men i ein nabohjernestruktur som vert kalla entorhinal korteks. Dei byrja å leite etter stadceller i dette området, men fann i staden nokre nerveceller som fyrte av signal på ein slik måte at dei danna eit sekskanta mønster, som cellene i ein bikube, når rotta utforska rommet. I motsetnad til stadcellene, som endrar avfyringsmønster når omgivnadene endrar seg, var sekskantmønsteret det same også i mørkret, og uavhengig av kva fart og retning dyret hadde. Dei kalla desse nye cellene gitterceller (engelsk: grid cell).

Seinare er det vist at gittercellene òg samarbeider med andre spesialiserte nerveceller som hjelper hjernen med å oppfatte rom. Forskinga til Moser stadfestar kor tett minnet er knytt til stader, og er med på å forklare korleis såkalla episodiske minne – altså minne om noko som har skjedd – vert danna. Forskinga kan vere viktig for behandling av demens, sidan eit av dei første kjenneteikna på Alzheimers sjukdom er tap av orienteringsevne, og entorhinal korteks er den hjernestrukturen som først vert angripen av sjukdomen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Edvard og May-Britt Moser studerer ei menneskehjerne. Foto: Geir Mogen/NTNU, Faculty of Medicine NTNU, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Edvard og May-Britt Moser studerer ei menneskehjerne. Foto: Geir Mogen/NTNU, Faculty of Medicine NTNU, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Tidsoppfatning

I august 2018 publiserte Moser og kollegaer frå Kavli Institute for Systems Neuroscience nye resultat knytte til korleis hjernen oppfattar tid. I eit område i rottehjernen som ligg rett ved sida av området med gittercellene, målte forskarane sterk aktivitet, men utan noko fast mønster slik gittercellene hadde. Ved å analysere måleresultata statistisk kom det fram at aktiviteten i cellene hang saman med tidsaspektet ved opplevingar. Det ser ut til at aktiviteten i dette hjerneområdet gjer rotta i stand til å halde orden på rekkjefølgja hendingar skjer i, og å lagre tidsstrukturen i ei oppleving. Cellene kodar altså opplevd tid, ikkje klokketid eller døgnrytme, og det forklarer kvifor vi opplever tidsforløp ulikt, avhengig av kva vi gjer. Signala i dette området kunne ikkje tilbakeførast til einskildceller, slik tilfellet er med stadsansen, men oppstod i staden i dynamiske nettverk av hundrevis av celler. Cellene fyrte ikkje av i jamne tidsintervall, men viste snarare ujamn aktivitet, knytt til kor mykje eller lite rotta opplevde, og kor lenge aktivitetane varte. Hovuddelen av forskinga vart utført av Albert Tsao, som tok doktorgraden sin ved senteret.

Resultata vart testa ved å gi rottene svært einsformige oppgåver, som dei måtte utføre mange gonger etter kvarandre. Då viste hjerneaktivteten at rottene greidde å halde styr på sekvensen i oppgåva, men ikkje kor mange gonger oppgåva vart utført.

Forskarane trur at tidskodinga i dette området, saman med stadinformasjonen frå gittercellene og dei andre cellene som medverkar til romleg orientering, vert samla i hippocampus og omgjort til eit heilskapleg minne om kva som hende, kvar det hende, og i kva tidsrom det hende.

Frå celler til psykologi

På Kavli-instituttet, som Moser er leiar for, er det i 2015 seks forskargrupper som studerer korleis dei ulike funksjonelle nervecellene i hjernen kommuniserer, og korleis aktivteten vert omsett i handling. Instituttet sameksisterer med Senter for nevrale nettverk, som May-Britt Moser er leiar for, med Edvard Moser som nestleiar.

Edvard Moser har to gonger fått Det europeiske forskingsrådet sine «Advanced Grants», stipend som vert tildelt svært framståande forskingsleiarar. Han har fått fleire prisar, mellom anna den nordiske Fernström-prisen for framifrå medisinsk forsking (2008), Fridtjof Nansens belønning for fremragende forskning (2013) og Körber-prisen for europeisk forsking (2014). Han delte nobelprisen med May-Britt Moser og John O'Keefe.

Kjelder

Unni Eikeseth: «Jakta på stadsansen», Dag og Tid 5.12.2014

Albert Tsao ofl.: «Integrating time from experience in the lateral entorhinal cortex», Nature nr. 561/2018

«Edvard Moser», medlemsprofil hos Academia Europaea, ae-info.org, sist oppdatert 6.10.2014: http://www.ae-info.org/ae/User/Moser_Edvard [lesedato 28.4.2015]

«The Nobel Prize in Physiology or Medicine 2014», nobelprize.org, publisert 6.10.2014: http://www.nobelprize.org/nobel_prizes/medicine/laureates/2014/press.html [lesedato 28.4.2015]

Eivind Torgersen og Elise Kjørstad: «Nytt gjennombrudd på Moser-laben: Slik holder hjernen orden på tiden», forskning.no, publisert 29.8.2018: https://forskning.no/hjernen-psykologi/nytt-gjennombrudd-pa-moser-laben-slik-holder-hjernen-orden-pa-tiden/1224061 [lesedato 13.9.2018]

Kavli Institute for Systems Neuroscience / Centre for Neural Computation, ntnu.edu: http://www.ntnu.edu/web/kavli/about [lesedato 28.4.2015]

Alison Abbott: «Neuroscince: Brains of Norway», nature.com, publisert 6.10.2014: http://www.nature.com/news/neuroscience-brains-of-norway-1.16079 [lesedato 29.4.2015]

Inger Otterlei: «Nobelprisen neste?» smp.no, publisert 9.4.2011: http://www.smp.no/nyheter/article10203143.ece [lesedato 9.4.2015]

Peikarar

Om Edvard Moser på tilsettsida hos NTNU

Artiklar i forskingsmagasinet Gemini i høve nobelprisen til May-Britt og Edvard Moser, gemini.no

Først publisert: 25.08.2015
Sist oppdatert: 06.03.2019