Hopp til innhold
X
Innhald

Einar Mjølsnes

Einar Mjølsnes, spelemann, fylkesmusikar og studiomusikar i ulike sjangrar.

Einar Mjølsnes er fødd 20. mai 1952 i Haugesund og flytte til Voss som 10-åring. Han lærte først felespel hos Olav Selland og seinare hos Sigbjørn Bernhoft Osa. Han spelar òg barokkinstrumentet viola da gamba. Han er utdanna faglærar i musikk ved Veitvet (seinare Østlandets) musikkonservatorium (1970–73). Sidan 1992 har han vore fylkesmusikar i Hordaland og har i dag arbeidsstad ved Ole Bull-akademiet på Voss. Som fylkesmusikar utgjer han saman med Reidun Horvei og Frank Rolland gruppa Fyhnd, som står bak ei rekkje konsertprosjekt. Gruppa gav ut ei plate med same tittelen i 2008.
 
Mjølsnes blei tidleg i 1970-åra medlem av gruppa Christiania Fusel & Blaagress, saman med mellom anna Øystein Sunde. I 1972 gav denne gruppa ut plata Som varmt hvetebrød i tørt gress, som inneheld ein klassisk rockeversjon av slåtten «Fanitullen». Han har seinare samarbeidd med Sunde på storseljaren Kjekt å ha og har generelt vore ein ettertrakta studiomusikar.
 
Mjølsnes gav i 2005 ut plata Gammaltnymalt saman med felespelarane Håkon Høgemo og Sigrid Moldestad. På denne utgivinga spelar alle tre på spesialbygde, femstrengs hardingfeler. Dei spelar både nyskrivne komposisjonar og tradisjonsmateriale i nye arrangement, og for denne plata fekk dei spelemannsprisen. Andre prisar Mjølsnes har fått, er Griegprisen (1993), Osaprisen (1997) og Sagaprisen (1999).
  
Kjelder
E-post frå Einar Mjølsnes 02.12. 2010
Dag Helleve: «Berre ein lyd», Folkemusikk nr. 2/ 2010

Først publisert: 18.02.2011
Sist oppdatert: 25.04.2013