Hopp til innhold
X
Innhald

Einar Molland

Einar Molland, 1908–76, var teolog og professor i kyrkjehistorie ved Universitetet i Oslo frå 1939. Han hadde ei rekkje oppdrag og verv i inn- og utland. Molland gav mellom anna ut The Conception of the Gospel in the Alexandrian Theology som doktoravhandling i 1932, og Konfesjonskunnskap i 1953 som seinare vart omarbeidd til Kristenhetens kirker og trossamfunn i 1976.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.08.2012
Sist oppdatert: 30.08.2012