Faktaboks

Elias Melvær
Fødd
1. mai 1848, Askvoll, Vestland
Død
21. september 1924, Bergen, Vestland

Elias Melvær var amtsskulelærar, målreisar og politikar. Han var den første som vart referertlandsmål i Stortinget.

Bakgrunn

Elias Melvær var fødd i Askvoll i Sogn og Fjordane (no Vestland) og døydde i Bergen i Hordaland (no Vestland). Han tok lærareksamen på Stord i 1869, var folkeskulelærar nokre år i Sunnfjord og vart så tilsett på amtsskulen i Nordfjord i 1876. Ved sida av skulearbeidet dreiv han som gardbrukar. Melvær var andrelærar ved skulen fram til 1900. Han var så dampskipsekspeditør for Fylkesbåtane i Florø.

Politisk karriere

Melvær var radikal venstremann og møtte på Stortinget for Venstre som vararepresentant for Jacob Sverdrup i 1885. Han var ein av dei 41 stortingsrepresentantane som i januar 1885 underteikna oppmodinga om at «det norske Folkemålet» skulle få «full Rett og Fridom jamsides Bokmålet». 30. april 1885 heldt han det første innlegget som vart prenta i Storthingstidende på landsmål. Han omsette sjølv referatet. Saka galdt løyving til kurs i landsmål for lærarar.

Andre verv og engasjement

Melvær var med og skipa Firda Mållag og var den første formannen i laget (1899–1903). Han var ein etterspurd folketalar og talte mange stader i landet om målsak, fråhaldssak og andre emne. I Firda Mållag, Sunnfjord Ungdomslag og Noregs Ungdomslag var han æresmedlem.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Olaf Almenningen ofl. (red.): Målreising i 75 år. Noregs Mållag 1906–1981. Oslo 1981
  • Kaare Fostervoll: Mot rikare mål. Den norske folkehøgskulen 1864–1964. Oslo 1964
  • Kjell Haugland: Målpolitiske dokument 1864–1885. Ei folkerørsle blir til. Oslo 1971
  • Peder Hovdan: Eit norsk Noreg. Oslo 1947
  • Albert Joleik: «Elias Melvær», Norsk Aarbok 1924. Bergen 1924
  • Anders A. Lothe: Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. Flora 1950
  • Jacob Aaland: Gloppen–Breim. Kommunesoga 1838–1937. Sandane 1938
  • Haakon Aasvejen og Rasmus Stauri: Ungdomsskulen i Norge i 50 aar 1864–1914. Kristiania 1914

Faktaboks

Elias Melvær
Historisk befolkingsregister-ID
pf01052296000133

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg