Faktaboks

Else Mundal

Else Olaug Mundal

Fødd
8. november 1944, Vanylven

Else Mundal er ein norsk filolog. Ho er professor emerita i norrøn filologi. Som forskar har ho hatt ei kulturhistorisk interesse som spenner frå norrøn grammatikk til helgenlegender. Ho er ein kjennar i særklasse av kvinnehistoriske emne og norrøne litterære kjelder i mellomalderen.

Bakgrunn

Else Mundal er fødd på Eidså i Vanylven kommune. Ho tok nordisk hovudfag ved Universitetet i Oslo i 1971, der ho var dosent i norrøn filologi i 1977–1984 og professor i 1985–1994. I 1994 vart ho kalla til professor i norrøn filologi ved Universitetet i Bergen, og i 2003 vart ho tilknytt Senter for mellomalderstudiar. Ho pensjonerte seg i 2012 og er i dag professor emerita.

Verksemd

Mundal er filolog i brei tyding av ordet. Ein raud tråd i dei tidlege arbeida var kvinneperspektivet. I 1974 publiserte ho Fylgjemotiva i norrøn litteratur. I folketrua var fylgjene varslande vesen, og Mundal viser korleis kvinner kunne vere fylgje, og korleis kvinnefylgjemotiva utvikla seg frå norrøn til nyare tid. Mundal har òg greidd ut om kvinnesynet hos Snorre, og om kvinnene si rolle i den munnlege forteljetradisjonen. Ho har fått fram ny kunnskap om kvinnene si rolle i sagatida, mellom anna som forvaltarar av ære. Det var berre menn som kunne oppnå ære, men Mundal viser korleis kvinner var med og påverka mennene sine æreshandlingar, til dømes blodhemn.

Mundal har vore etterspurd som omsetjar av norrøn litteratur. Eit av dei sentrale verka ho har omsett, er Legender frå mellomalderen (1995). Seinare har ho vore oppteken av møtet mellom den heidne og den kristne kulturen.

Sidan 1990-talet har Mundal publisert fleire artiklar som drøftar forholdet mellom samisk og nordisk kultur slik dette forholdet kjem til uttrykk i norrøne mytar og religion. At det er likskap mellom norrøn og samisk mytologi, har lenge vore erkjent. Eldre forsking har tolka denne likskapen som lån frå norrøn til samisk kultur. Det stiller Mundal – og mange med henne – seg kritisk til. Ho viser gjennom døme både frå det sentrale norrøne mytematerialet og frå andre religiøse førestillingar, til dømes om førestillingar sola som eit mytisk vesen, om ånder og hjelpeånder av ulike slag og om kult knytt til heilage stader i naturen, at kulturkontakten må ha vore tovegs. Gjennom arbeidet sitt med dette stoffet står Mundal fram som ein viktig fornyar av forskinga på norrøn kultur.

Verv og utmerkingar

Mundal var med i styret for Det Norske Samlaget 1992–99. I 1999 vart ho vald inn som medlem i Det Norske Vitskapsakademiet. I 2017 vart ho utnemnd til riddar av Den islandske falkeordenen.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg