Hopp til innhold
Emmanuel Macron. Offisielt pressefoto via Emmanuel Macron på Twitter.
Emmanuel Macron. Offisielt pressefoto via Emmanuel Macron på Twitter.
X
Innhald

Emmanuel Macron

Emmanuel Jean-Michel Frédéric Macron er ein fransk politikar som blei vald til president i Frankrike 7. mai 2017. Før valet danna han sitt eige parti og presenterte seg for veljarane som ein ny type politikar, som ville modernisere fransk økonomi, skape arbeidsplassar for dei unge og gi Frankrike ein tydelegare plass i EU og i internasjonal politikk elles. Han blei møtt med stor begeistring, og mange såg på han som ein ny Napoleon.

Emmanuel Macron er fødd 21. desember 1977 og er den yngste presidenten i republikken si historie. Då han blei vald, var han leiar av partiet som han danna i 2016, La République en Marche! Før han gjekk inn i politikken, var han tilsett som investor i storbanken Rothschild & Cie, og han var statsråd i Manuel Vall si regjering i 2014.

 

Macron voks opp i Amiens, ein by 120 km nord for Paris. Foreldra, Francoise Noguès-Macron og Jean-Michel Macron, er legar. Mora er tilsett som rådgivande lege i den statlege sosialforsikringa, som kan samanliknast med norske NAV. Faren er professor i nevrologi. Emmanuel gjekk på ein katolsk skule, Lycée la Providence i heimbyen, studerte filosofi ved universitetet Paris Nanterre og tok ein mastergrad i offentleg administrasjon ved Sciences-Po. Utdanninga blei fullført med eksamen frå forvaltningshøgskulen ENA (École nationale d’administration) i 2004, der han var mellom dei beste i si klasse.

 

Emmanuel var eit sterkt ønskt barn, etter at ei dotter døydde før fødselen. Namnet tyder «Guds son» – og blei rekna som ei himmelsk gåve til eit ikkje-truande ektepar. Han har ein yngre bror, Laurent og ei syster, Estelle.

 

Emmanuel var skuleflink, og ei stjerne i klassa. Den store lidenskapen hans var å lese, men han studerte òg klaverspel ved konservatoriet i Amiens. I studietida var han assistent hos den kjende filosofen Paul Ricæur.

Statsminister i Luxembourg, Xavier Bettel, og Frankrike sin president Emmanuel Macron under eit arrangement i Tallinn i september 2017. Foto: Raul Mee, kjelde:  EU2017EE Estonian Presidency, Flickr.com CC BY 2.0.

Statsminister i Luxembourg, Xavier Bettel, og Frankrike sin president Emmanuel Macron under eit arrangement i Tallinn i september 2017. Foto: Raul Mee, kjelde:  EU2017EE Estonian Presidency, Flickr.com CC BY 2.0. 

 

Vegen til topps

Det var ein sjølvmedviten Macron som etter ein kort politisk karriere stilte til val våren 2017. Før valkampen erklærte han: «Ein president er ikkje berre det han gjer. Han ber òg med seg landet sine verdiar, han lekamleggjer landet si historie. Utan at ein merkar det, representerer han det offentlege livet si kraft og sin vørdnad. Eg veit det og er budd. Derfor er eg kandidat ved presidentvalet.» Slik plasserte han presidentstillinga over partipolitikken og stod sjølv fram som den som kunne fylle den stillinga best.

 

Macrons første steg på den politiske karrierevegen blei teke i 2007, då han prøvde å bli kandidat for Sosialistpartiet ved valet til nasjonalforsamlinga. Han vann ikkje fram. I 2010 fekk han tilbod om ei stilling i den konservative regjeringa til Francois Fillon, men sa nei takk. Han var i 2006 blitt introdusert for sosialisten Francois Hollande, som var president i Frankrike frå 2012 til 2017, og fekk ei stilling som seniorrådgivar i presidenten sin stab i mai 2012. Han slutta i denne stillinga i juni 2014, då han fekk ei forskarstilling ved Universitetet i Berlin.

 

Men alt i august 2014 blei han utnemnd til finans- og økonomiminister i Manuel Vall si andre regjering. I denne stillinga sette han i gang store reformer. To år seinare gjekk han av. Då hadde han òg gått ut av Sosialistpartiet og erklært seg som uavhengig. I april, medan han enno var medlem av regjeringa til Vall, danna han det nye partiet sitt, En Marche!

 

Etter at han gjekk av som statsråd i august 2016, la han all arbeidskraft i etableringa av det nye partiet. Hausten 2016 gjekk det sterke rykte om at han ville prøve å bli ny president i Frankrike ved valet i 2017. 16. november kom så erklæringa som stadfesta dette. Han tok til orde for ein demokratisk revolusjon og oppløysing av blokkene i fransk politikk. Ideane bak denne endringa konkretiserte han i ei bok, Révolution, som både er ein slags sjølvbiografi og eit politisk program for liberal og sosial politikk. Boka blei ein bestseljar og nådde eit opplag på 200 000.

Folk med fransk flagg feirar i gatene etter at Emmanuel Macron vann valet og vart vald som president 7. mai 2017. Foto: Lorie Shaull, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Folk med fransk flagg feirar i gatene etter at Emmanuel Macron vann valet og vart vald som president 7. mai 2017. Foto: Lorie Shaull, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

 

Raskt høg oppslutning

Oppslutninga om Macron og partiet auka raskt, og fleire av avisene og nyhendemagasina gav han stor merksemd og støtte. Pengane til valkampen strøymde inn, og den eine etter den andre av presidentkandidatane trekte seg. Etter kritikk for at han ikkje hadde lagt fram eit konkret politisk program, blei det lansert 2. mars, vel ein månad før den første valomgangen 23. april.

 

Då valdagen kom, hadde han støtte frå ei rekkje kjende personar til venstre i fransk politikk, og ved valet fekk han den største oppslutninga, med 24 prosent av alle røystene, medan Marine Le Pen frå det høgrepopulistiske Front National, blei nummer to. Før siste runde i valet, 7. mai, fekk Macron støtte frå Francois Fillon og Benoit Hamon, som var dei kandidatane som fekk flest røyster etter Le Pen. Han fekk òg støtte frå den sitjande presidenten, Francois Hollande.

 

Macron blei vald og fekk 66,1 prosent av røystene, mot Le Pen sine 33,9 prosent. Men 25,4 prosent av dei røysteføre sat heime på valdagen, medan 8 prosent røysta blankt. Det var eit veikskapsteikn ved den suverene sigeren til Macron.

Plakatar av kandidatane Marine Le Pen og Emmanuel Macron under valkampen for det franske presidentvalet i 2017. Foto: Lorie Shaull, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Plakatar av kandidatane Marine Le Pen og Emmanuel Macron under valkampen for det franske presidentvalet i 2017. Foto: Lorie Shaull, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

 

Ein ny Napoleon

Den 38-årige presidenten hadde berre fire år bak seg som politikar på høgt nivå. Av dei sterkaste tilhengjarane blei han sedd på som ein Kristus-figur, med bakgrunnen frå jesuittskulen Lycée la Providence i Amiens. Storrabbinar Haim Korsia sa det slik: «Eigentleg er Macron Napoleon.» Og ei kvinne som møtte han under valkampen i Pompidousenteret i Paris ropte til han: «Du ser ut som Napoleon!»

 

Rabbinar Korsia grunngav sitt syn slik: «Han har dette ungdomlege, denne evna til å begeistre og denne tryggleiken som Bonaparte hadde då han stod fram. Han har evna til å få folk med. Dei unge kjenner seg att i spørsmåla han stiller.»

 

Men dette var ord som fall før valet. Og jamvel under valet til nasjonalforsamling 1. og 18. juni var magien som Macron representerte, enno effektiv. Partiet En Marche! fekk 350 av 577 plassar i nasjonalforsamlinga.

 

Men etter det gjekk oppslutninga om Macron nedover.

 

Store planar

Macron og det politiske mannskapet hans har store planar for Frankrike. Han vil reformere økonomien i landet og redusere ungdomsarbeidsløysa. Dette målet vil han nå mellom anna ved å gjere arbeidslivet meir fleksibelt. Han vil spare inn 630 milliardar kroner i offentlege utgifter fram til 2022, samstundes som nokre skattar skal reduserast. Han har òg signalisert at han vil vurdere den statlege rolla i fransk industri. Rettane til arbeidstakarane skal avgrensast for å få fleire i jobb. Målet er ein skandinavisk modell for tilhøvet mellom partane i arbeidslivet og staten. Men i denne prosessen har han sterke motpartar, og streikar kan setje bom for dei mest omfattande reformene.

 

Macron vil føre ein aktiv utanrikspolitikk, særleg i Midtausten. I EU er visjonane hans tekne imot som eit signal om ny framgang i integrasjonsprosessen etter brexit og dei høgrepopulistiske tendensane i land i Aust-Europa.

Emmanuel Macron og Theresa May, statsminister i Storbritannia, i samtale under eit arrangement i Sverige i november 2017. Foto: The Prime Minister's Office, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Emmanuel Macron og Theresa May, statsminister i Storbritannia, i samtale under eit arrangement i Sverige i november 2017. Foto: The Prime Minister's Office, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0. 

 

Gift med læraren

Emanuel Macron blir sett på som ein av dei mest intelligente og kunnskapsrike presidentane Frankrike har hatt. Han er filosofisk skulert og er godt orientert i litteratur og historie. Faren gav sonen denne attesten: «glad, utruleg flittig og venleg». Som skuleelev var han aktiv i teatergruppa, og det var her han møtte henne som seinare blei kona hans, den 24 år eldre Brigitte Trogneux. Ho var lærar i latin og fransk ved den vidaregåande skulen i Amiens. Då ho var blitt presidentfrue, ville Macron gi henne ein formell politisk posisjon, men etter mange protestar og skuldingar om nepotisme, gav han opp.

 

Macron brukte kjærleiksforholdet til Brigitte politisk også som kandidat til presidentstillinga. Både foreldra og mange andre prøvde å hindre at skuleeleven og læraren blei eit par. Ved starten av valkampen sa han difor: «Når eg kunne kome igjennom motstanden eg møtte i kjærleikslivet, kan eg òg erobre Frankrike.»

 

Han fekk rett.

Emmanuel Macron og kona Brigitte Macron feirer saman med støttespelarar etter at han vart vald som president i mai 2017. Foto: French Embassy in the U.S., Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Emmanuel Macron og kona Brigitte Macron feirer saman med støttespelarar etter at han vart vald som president i mai 2017. Foto: French Embassy in the U.S., Flickr.com CC BY-NC 2.0. 

 

Kjelder

Alf Ove Ask: «Sosialistene flykter fra egen presidentkandidat», Aftenposten 29.3.2017

Anne Fulda: Emmanuel Macron. Die Biographie. Berlin 2017

Kaj-Martin Georgsen: «Får Frankrike en avmektig president?», Aftenposten 29.3.2017

Yngvild Gotaas Torvik: «Varsler om milliardkutt», Klassekampen 19.7.2017

Eirik Grasaas-Stavenes: «Går mot røff høst», Klassekampen 22.8.2017

Jonas Stein: «Drømmen om å være Macron», Aftenposten 24.7.2017

«France’s next revolution. The vote that could wreck the European Union», The Economist 4.3.2017

«Marcons, marchons!», The Economist 13.5.2017

«The tasks of Jupiter. Macron’s ambitions run into economic reality», The Economist 6.7.2017

«Stumbling into a fight. France’s top general quits, in a test for Emmanuel Macron», The Economist 20.7.2017

«Sea change», The Economist 22.7.2017

«Keep your nerve», The Economist 3.8.2017

«Macron stumbles», The Economist 26.8.2017 

Først publisert: 13.12.2017
Sist oppdatert: 13.12.2017