Hopp til innhold
X
Innhald

Felix Mendelssohn-Bartholdy

Felix Mendelssohn-Bartholdy, 1809–47, var tysk komponist og også ein framifrå dirigent. Mendelssohn-Bartholdy grunnla konservatoriet i Leipzig 1843, og han gjorde ein stor innsats for gløymde verk av mellom andre Bach og Schubert. Sjølv skreiv han mellom anna fem symfoniar, to fiolinkonsertar, Songar utan ord, oratoriet Elias og ein ouverture til Ein midtsommarnattsdraum. I tillegg skreiv han kammermusikk, og mellom desse verka er det nok oktetten for strykarar som ragar aller høgst.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 03.05.2014