Hopp til innhold
X
Innhald

Finn Mortensen

Finn Mortensen, 1922–83, var komponist, direktør for Rikskonsertane og professor ved Noregs musikkhøgskule frå 1973. Mortensen var ein føregangsmann for ny norsk musikk. Han byrja som neoklassikar, arbeidde lenge med 12-toneteknikk og var seinare meir fri. Mortensen skreiv mellom anna orkesterverk (Symfoni, Evolution), kammermusikk (Blåsekvintett, Suite for blåsekvintett) og klaververk (Fantasi og fuge, Lykkehjulsonaten).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.11.2013
Sist oppdatert: 20.11.2013