Hopp til innhold
Ukjend fotograf. Biletet er falle i det fri.
Ukjend fotograf. Biletet er falle i det fri.
X
Innhald

Fredrik Monsen

Fredrik Monsen, 1878–1954, var lærar, pressemann og politikar for Arbeidarpartiet og NKP.

Monsen gjekk på Hamar Lærerskole og tok eksamen i 1898. Han fekk jobb som lærar og seinare skuleinspektør. I åra 1913 til 1916 var han redaktør for Arbeidarparti-avisa Demokraten i Hamar. Han vart ordførar i Hamar i 1917 og i 1922 vart han innvald på Stortinget for NKP og seinare skifta han parti til Arbeidarpartiet. Han var forsvarsminister i 1935-1939 og stortingspresident 1945-1949.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.03.2016
Sist oppdatert: 22.03.2016