Hopp til innhold
Frida Melvær. Foto: Stortinget.
Frida Melvær. Foto: Stortinget.
X
Innhald

Frida Melvær

Frida Melvær, lærar, tidlegare ordførar i Askvoll kommune og stortingsrepresentant for Høgre frå Sogn og Fjordane.

Frida Melvær er fødd 29. september 1971 og voks opp i Askvoll kommune i Sogn og Fjordane. Melvær tok vidaregåande skule i 1987–90 (på Mo og Jølster vidaregåande skule og Firda vidaregåande skule), og ho tok lærarutdanning i byrjinga av 1990-åra.

Melvær har arbeidd som lærar i Førde og i Askvoll – på Bulandet skule og Askvoll skule. Ho var ordførar i Askvoll i 2011–17. I perioden 2017–21 er ho stortingsrepresentant for Høgre frå Sogn og Fjordane.

Melvær var representant for Høgre i kommunestyret i Askvoll i 2007–17, var varaordførar i 2007–11 og ordførar i 2011–17. Ho var òg medlem av fylkestinget i Sogn og Fjordane i 2011–15. På Stortinget er ho medlem av justiskomiteen i perioden 2017–21, og ho er òg medlem av gruppestyret i Høgre på Stortinget.

Næringspolitikk er det viktigaste politiske interessefeltet hennar, og ho er spesielt oppteken av kystnæringa og skattelette for små og mellomstore bedrifter. Skulepolitikk er òg ei viktig sak for Melvær.

Melvær er nynorskbrukar og blir referert på nynorsk i Stortinget.

Kjelder

Frida Melvær, «Representanter og komiteer», stortinget.no: https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=FRME [lesedato 5.2.2018]

Frida Melvær, profil på hoyre.no: https://hoyre.no/personprofiler/f/m/frida-melvaer/ [lesedato 5.2.2018]

Peikarar

Oddleif Løset og Aleksander Åsnes: «Melvær kom heim til sine eigne dagen derpå», nrk.no, publisert 12.9.2017 

Kjell Ove Nordeide: «Frida Melvær har fått plass i justiskomiteen», firda.no, publisert 15.10.2017 

Først publisert: 05.12.2018
Sist oppdatert: 05.12.2018