Hopp til innhold
X
Innhald

George Edward Moore

George Edward Moore, 1873–1958, var britisk filosof og samtidig med Russell. Han var professor i Cambridge og skreiv om moralfilosofi og erkjenningsteori. Moore meiner at filosofien skal drive omgrepskritikk ut frå daglegspråket. Han vart òg kalla common-sense- filosof. Moore påverka heile etterkrigsgenerasjonen av britiske filosofar. Eit viktig verk var Principia Ethica (1903).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.08.2012
Sist oppdatert: 04.08.2012