Hopp til innhold
X
Innhald

Gry Beate Molvær

Gry Beate Aarsund Molvær, journalist og fotograf som har vore programleiar for Schrödingers katt på NRK1.

Gry Beate Molvær er fødd 15. januar 1970 på Sula ved Ålesund, og ho er busett i Trondheim. Ho er utdanna journalist frå Høgskulen i Volda frå byrjinga av 1990-åra og har teke statsvitskap ved Høgskolen i Molde. Ho arbeidde ved distriktskontoret til NRK i Møre og Romsdal som journalist og programleiar for Nordvestrevyen (1997–2000), var programleiar for Schrödingers katt i NRK1 (2000–05) og har arbeidd i redaksjonen for programmet frå 2005.
Molvær leidde Schrödingers katt, som er eit populærvitskapleg program om forsking, vitskap og teknologi i Noreg. Programmet gjekk på lufta første gongen 8. februar 1990, og er eit av dei NRK-programma som har halde på lengst. Molvær skapte ein programleiarstil som var så særeigen og profilert at programposten lenge blei identifisert med henne. Med bevisst bruk av moteklede og seg sjølv som uventa aktør, var det med på å popularisere teknologisk og naturvitskaplege fenomen på ein pedagogisk underhaldande måte.
Molvær har hatt fleire utstilingar av fotografia sine, mellom anna i Trondheim Kunstforening (2001) med bilete av naturleg lysspel eller vatn langs kysten. Fotografia er til dels grafiske.
I 2003–04 var ho med i ei prosjektgruppe som utgreidde NRK Nynorsk mediesenter. Ho leier juryen i Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar (2005–13).
Gry Beate Molvær fekk Kringkastingsprisen i 2002.
Kjelder
Omtale av Gry Beate Molvær, nynorskmediesenter.no: http://www.nynorskmediesenter.no/Nynorskprisen/Juryen/tabid/2546/Default.aspx [lesedato 30.6.2011]
Peikarar

Først publisert: 05.10.2012
Sist oppdatert: 19.10.2012