Hopp til innhold
X
Innhald

Halldor Meland

Halldor Meland, hardingfelespelar og komponist, den første spelemannen frå Hardanger som heldt konsertar.
Halldor Meland var fødd 23. juni 1884 på garden Meland på austsida av Sørfjorden i Hardanger og døydde 25. desember 1976 i Øystese. Han hadde Meland som heimstad fram til han gifta seg i med biletvevaren Kirsti Tyssedal i 1929. Ekteparet busette seg då i Valland i Kvam. Her dreiv dei eit småbruk parallelt med at dei begge verka som kunstnarar.
 
Meland fekk si første fele som smågut og lærte i førstninga felespel av lokale spelemenn i Ullensvang. Avgjerande for den vidare utviklinga hans blei likevel dei to åra på Voss Folkehøgskule (1900–01 og 1904–05). Her kom han i kontakt med spelemennene Sjur Helgeland og framfor alt Ola Mosafinn, som blei den første læremeisteren hans.
 
I 1986 gav Hardanger folkemusikksamling ut ein kassett med opptak av Halldor Meland. Han blei heidersmedlem i Landslaget for spelemenn i 1953 og fekk Kongens fortenestemedalje i gull i 1962. Ein viktig Meland-elev var Anders Kjerland.
 
Konsertartisten
I 1905 heldt Meland den første konserten sin, saman med Mosafinn, på Lofthus, og same året la han ut på den første spelferda, som gjekk til Hallingdal, Gudbrandsdalen og Telemark. Året etter drog han nordover til Sunnmøre, Nordmøre og Trondheim, og seinare vitja han Troms og Finnmark. I 1911 var han òg i Sverige og Danmark. Meland blei den første konserterande spelemannen frå Hardanger, og han turnerte aktivt fram til han gifta seg, noko sjeldnare etter dette. Tidvis opptredde han òg saman med føredragshaldarar eller skodespelarar. I 1930-åra heldt han konsertar saman med Geirr Tveitt, som spela piano, mellom anna i Universitetsaulaen i Oslo i 1934. Den siste spelferda i Hardanger gjennomførte han i 1962.
 
Som musikar var Meland ein perfeksjonist, og han hadde eit flytande, klangfullt spel. Som både omforma slåttestoff og eigne komposisjonar vitnar om, hadde han òg ein framifrå teknikk. Slåttane etter Meland har ofte høg vanskegrad og krev at ein meistrar posisjonsspel, altså at ein evnar å spele høgare oppe på felehalsen, noko ein tradisjonelt ikkje hadde gjort på hardingfele.
 
«Det gamle spelet»
Repertoaret til Meland bestod av eldre slåttestoff frå Hardanger, Voss, Valdres og Telemark, og dessutan eigne slåttekomposisjonar. Verklista hans tel 22 slåttar, og den mest kjende er truleg lydarslåtten «Lengt», inspirert av somrane i ungdomen som gjetargut på Litlos på Hardangervidda. Tveitt har arrangert denne slåtten for orkester. Andre sentrale komposisjonar er springaren «Vestlendingen» og valsen «Lyngblomen».
 
Særleg unikt i Meland sitt virke var likevel slåtteutforminga hans. Det blei eit sentralt prosjekt for han å gjenskape hardingfelemusikken frå Hardanger, altså å finne tilbake til «det gamle spelet», som han meinte var i ferd med å gå tapt fordi generasjonen før han hadde vore meir interessert i runddansspel, til dømes vals og reinlendar. For å gjenskape hardingslåttane gjekk han dels vegen om slåttar frå Telemark, Voss og Valdres som hadde opphav i Hardanger, og som han meinte var blitt tekne betre vare på der. Ein sentral spelemann og kjelde for han i så måte blei Torkjell Haugerud frå Telemark. Frå han lærte Meland telemarksslåttar som «Gullfakse» og «Myllargutens minne», som han dermed kunne føre tilbake til hardangerrepertoaret som høvesvis «Personvrita» og «Seksaren», som dei opphavleg heitte i Hardanger. Andre slåttar omarbeidde han i større grad, og då nytta han aktivt det som fanst av lokale kjelder, framfor alt Jon Isberg og Sjur Håstadbø (brorson til Ola Håstadbø). Det lokale tilfanget var i mange tilfelle nokså fragmentarisk, eller «som ei beingrind», som han formulerte det, og måtte ofte skøytast kraftig ut. Meland «laga om», som han sjølv kalla det, i alt 35 slåttar. Samstundes er grensa mellom tradisjonsstoff og eigne komposisjonar hos Meland ofte flytande.
 
Kjelder
Jon Bleie: Halldor Meland. Eit liv i tonar. Ein bolk or soga om folkemusikken i Hardanger. Oslo 1976
Rolf Myklebust: 50 år med folkemusikk. Oslo 1982

Først publisert: 21.02.2011
Sist oppdatert: 30.04.2013