Hopp til innhold

Hans Mo

Hans Mathias Mo, lærar, forfattar og komponist. Han skreiv tidleg lærebøker på landsmål og gav ut songbøker og tonesamlingar.

Hans Mo var fødd 2. mai 1835 i Ørsta og døydde i Bergen 11. juli 1920. Etter konfirmasjonen arbeidde han eitt år som dreng i Ørsta, så fem år som krambudreng i Ålesund og tre år som lærar i Follestaddalen i Ørsta. I 1860 tok han lærareksamen ved Stord seminar.
Han var lærar i Bergen i 54 år, først hjelpelærar ved Christi Krybbe skole (1862–66), så fast tilsett ved Stølen skole (1866–80) og ved Krohnengen skole (1880–1916). Han underviste mellom anna i norsk og song.
I Bergen kom han med i den framveksande flokken av målfolk. Han skreiv i Henrik Krohns tidsskrift Ferdamannen (1865–68) og var med og skipa Vestmannalaget i 1868, sat i styret for laget i tidlege år og var formann i 1876–78.
Mo skreiv mykje, det meste på landsmål. Bøker og skrifter utgjer over 1200 sider: dikt, skulebøker, tonesamlingar, forteljingar og skodespel. Dei første dikta var på dansk, men kring 1863 tok han i bruk landsmålet. I 1874 kom Diktsamling, med 42 dikt.
Han gav tidleg ut lærebøker på landsmål: Bibelsaga (saman med Olav Paulson, 1882), Geografi paa Landsmaalet (1884) og Religionslærebok, etter Pontoppidans Forklaring, med Spursmaal og Svar paa Landsmaalet (1885). Så kom det skodespel, først Amerikafolket vaart (1896), deretter følgde sju andre spelstykke fram til 1915.
Han redigerte songbøker, tonesamlingar og syngjeplanar for skular og kor. Den første kom i 1874, den siste i 1909. Han tonesette sjølv songar, var kordirigent og etterlét seg nærmare hundre komposisjonar. Han var òg ein mykje nytta talar.
Kjelder
Anton Aure: «Hans Mo», Ung-Norig, nr. 8, 1920
Bjarte Birkeland og Bjørn Nic. Kvalsvik: Folkemål og danning. Nynorske lærebøker 1867–1915. Oslo 1986
«Bokskrivaren Hans Mo», Gula Tidend 30.6.1916
Jostein Fet: Sunnmørsdiktarar. Oslo 1977
Hannaas, Clausen, Jerdal: Vestmannalaget i 110 år. Bergen 1978
Eirik Hirth: «Hans Mathias Mo», Norsk biografisk leksikon, bd. 9. Oslo 1940
Brit Marie Hovland: For fedreland og broderband. Allmugeskulelærarane si møteverksemd i det nasjonale gjennombrotet 1850–1870. Volda 1999
Jostein Krokvik: Henrik Krohn. Vestmannalagsreisaren og målreisaren. Bergen 2002
Terje Aarset og Reidar Djupedal: Ei bok om Hans Mo. Ørsta 1986
Peikarar

Først publisert: 31.12.2011
Sist oppdatert: 09.07.2012