Hopp til innhold
X
Innhald

Henny Moan

Henny Elisabeth Moan, norsk skodespelar. Ho har hatt ein sentral posisjon i norsk teater sidan 1950-åra og er dessutan kjend for medverknad i ei rekkje filmar.

Henny Moan er fødd i Talvik (no Alta) i Finnmark 22. februar 1936, men voks opp i Gratangen og i Narvik. Ho var med i det første kullet som byrja på Statens Teaterskole i 1953. Tre år seinare debuterte ho på Det Norske Teatret. Ho var tilsett ved Det Nye Teater i 1957–65, Oslo Nye Teater i 1975–77, Fjernsynsteatret 1965–67 og 1977–78, Nationaltheatret 1967–75 og Det norske Teatret 1978–2007.
Moan har hatt sentrale roller som karakterskodespelar. Ho har framstilt fleire Ibsen-kvinner, til dømes Solveig i Peer Gynt, Ellida Wangel i Fruen fra havet og Nora i Et dukkehjem, og dessutan tittelrollene i Strindbergs Fröken Julie og G.B. Shaws Jeanne d’Arc. Som tilsett ved Det Norske Teatret har Henny Moan særleg utmerkt seg innanfor russisk dramatikk, til dømes i Ein månad på landet, Kirsebærtreet og Måken. Ho har synt at ho meistrar både komikk og tragedie.
Ho debuterte som filmskodespelar i 1955 og har vore med i over tjue filmar. Særleg vert ho hugsa for innsatsen i fleire av filmane til Arne Skouen, i første rekkje Ni liv (1959), og for rolla som kvinna som vert trekt mot tjernet i Kåre Bergstrøms De dødes tjern (1958), etter ein kriminalroman av André Bjerke. Moan har gjort fleire sterke tolkingar i Fjernsynsteateret, til dømes som den gåtefulle Edvarda i serien Benoni og Rosa (1975). Dessutan har ho hatt ei rekkje roller i Radioteatret.
Kjelder
Svein Erik Brodal: «Moan, Henny», Norsk biografisk leksikon, bd. 6. Oslo 2003
Leif Mæhle (red.): Det Norske Teatret 75 år. Oslo 1988
Nils J. Ringdal: Nationaltheatrets historie 1899–1999. Oslo 2000
Jo Ørjasæter: Fjernsynsteateret til glede og forargelse. Oslo 1994

Først publisert: 06.04.2012
Sist oppdatert: 04.09.2013