Hopp til innhold
X
Innhald

Henrik Mohn

Henrik Mohn, 1835–1916, var meteorolog og pioner for norsk meteorologisk og oseanografisk forsking. 

Mohn gav ut Études sur les mouvements de l’atmosphère («Om rørsler i atmosfæren», 1876–80) saman med Cato Guldberg. Dette verket var det første som skildra syklonar matematisk ut frå fysiske lover. Mohn var den første direktøren ved Meteorologisk institutt.
 
Saman med brørne Jacob og Emanuel starta han dei første bogekorpsa i Bergen.


Sist oppdatert: 12.12.2017