Hopp til innhold
X
Innhald

Herbert Marcuse

Herbert Marcuse, 1898–1979, var tysk-amerikansk filosof og sosiolog, som tidleg var oppteken av Karl Marx og Sigmund Freud. På nymarxistisk grunnlag gjekk han sterkt til åtak på det borgarlege samfunnet i vest så vel som dei kommunistiske i aust (Soviet Marxism, 1958). Teoriane hans fekk mykje å seie for studentopprøret på 1960-talet. Fleire av skriftene til Marcuse er komne ut på norsk, mellom anna One-Dimensional Man (1965, norsk utgåve i 1968).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.08.2012
Sist oppdatert: 04.08.2012