Faktaboks

Hilde Myklebust
Fødd
23. mars 1979, Vanylven, Møre og Romsdal
Hilde Myklebust
Hilde Myklebust
Av /Samlaget.

Hilde Myklebust er ein norsk forfattar og småbrukar. Både i dikt og romanar skriv ho vart og rikt om naturen og menneska som bur i han, for vaksne og for born.

Bakgrunn

Hilde Myklebust har mellomfag i litteraturvitskap og teatervitskap (2002) frå Universitetet i Bergen og gjekk på Skrivekunstakademiet i Bergen i 2003–04.

Frå 2002 til 2003 var Myklebust journalist i avisa Synste Møre. Etter året på Skrivekunstakademiet tok ho over familien sitt småbruk i Syltedalen i Vanylven kommune (2004). Sidan 2010 har ho òg arbeidd ved biblioteket i Vanylven kommune.

Dikt

Myklebust debuterte med diktsamlinga Berre dagar seinare (2005), som inneheld forteljande dikt om familie og arv, jord og natur. Gjennom kvardagslege observasjonar og lågmælte refleksjonar speglar Myklebust slike store tema, og med oppfølgjaren Søkk (2008) stadfesta ho at ho er ein dugande lyrikar. Du skal dele namn med ein sjeldan fugl (2012) er ei samling med dikt av Myklebust og den danske forfattaren Katinka My Jones. I diktsamlinga Kvar ein fugl (2018) dreier dikta rundt det å drive ein slektsgard vidare og om å bli mor til barn som er ein ny generasjon.

Roman

Glødepunkt (2011) er den første romanen hennar. Handlinga går føre seg i ei bygd på Sunnmøre i 1980-åra, og gjennom Guttorm, Margunn og dei andre romanpersonane teiknar Myklebust konfliktlinjer mellom jordbruk og industri.

Bøker for barn

Myklebust har òg skrive barnelitteratur. Biletboka Jon og den lange julenatta, med illustrasjonar av Inger Lise Belsvik, kom i 2009, og i 2015 gav ho ut dikt for barn i Bjørkebokstavar, som er illustrert av Tone Lileng. Det er ei nostalgisk drivkraft i dei levande og naturnære barnedikta, og Myklebust når såleis ut til både vaksne og born. Barneboka Ylva og villgeitene (2020), som er illustrert av Akin Duzakin, er ei forteljing om ei modig jente som møter dyr og utfordringar i naturen.

Anna verksemd

Myklebust sat i Det litterære Råd i Den norske Forfatterforening frå 2013 til 2015.

Utmerkingar

Under Ulvik poesifestival i 2004 fekk Myklebust lyrikkprisen saman med Ørjan Simonsen. I 2020 fekk Myklebust Diktartavla, som blir delt ut av Olav H. Hauge-senteret og Hardanger folkemuseum.

Utgivingar

  • Splintra (Roman, Samlaget, 2022)
  • Ylva og villgeitene (Biletbok, Samlaget, 2020)
  • Kvar ein fugl (Lyrikk, Samlaget, 2018)
  • Bjørkebokstavar (Barnebok, Samlaget, 2015)
  • Du skal dele namn med ein sjeldan fugl (Lyrikk, TUR forlag, 2012)
  • Glødepunkt (Roman, Samlaget, 2011)
  • Jon og den lange julenatta (Barnebok, Samlaget, 2009)
  • Søkk (Lyrikk, Samlaget, 2008)
  • Berre dagar seinare (Lyrikk, Samlaget, 2005)

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg