Faktaboks

Ingebjørg Mælandsmo
Fødd
21. juli 1898, Heddal, Notodden
Død
6. mars 1981, Yli, Heddal i Notodden
Verke
Forfattar
Familie

Foreldre: Gardbrukar og landhandlar Andres Olsen Bøe (Mælandsmo) (1849–1931) og Ingeborg Torgrimsdotter Hovdejord (1858–1949).

Ugift.

Ingebjørg Mælandsmo var ein norsk forfattar og lærer. Dei mange romanane hennar om synd og angst, folketru og kristendom viser inngåande kjennskap til folklore.

Dei første bøkene var på nynorsk. Eit sterkt dialektfarga bokmål blir nytta i Og flommen kom (1939, ny utgåve 1978), som innbringa Mælandsmo norsk og nordisk pris i ein konkurranse om den beste romanen med kristent grunnsyn. Fleire seinare bøker har religiøst innhald, mellom anna Jeg bare tror – et minneblad 1940–1945 (1945) og Natta til den 19. august (1947).

Hovudverket er ein romanserie i fem bind: Søndinn, Hr. Crøger til Hitterdal, Mogning i september, Blomar i oktober og Haust i november, som kom ut mellom 1956 og 1970. I dette breitt oppbygde historiske verket er den kjende folkevisesamlaren Olea Crøger hovudperson i dei tre siste binda. Andreas og Eline (1975) er også ein historisk roman, og fekk i Du skal teia still! (1977) ei frittståande fortsetjing.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Flåta, Gunn Jorunn Mælandsmo: Ingebjørg Mælandsmo 1898-1981 : eit minneskrift, 2001

Faktaboks

Ingebjørg Mælandsmo
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036528007532

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg