Hopp til innhold
X
Innhald

Ingeborg Mjør

Ingeborg Mjør var førsteamanuensis i litteraturvitskap og barnebokkritikar som forska på barnelitteratur, lesing og mediebruk.

Ingeborg Mjør var fødd 28. november 1962 i Bergen og døydde 27. september 2014. Ho var utdanna førskulelærar ved Høgskolen i Bergen 1984–87, cand.mag. i 1993 og cand.philol. i nordisk ved Universitetet i Bergen i 1996. Mjør tok doktorgrad i litteraturvitskap frå Universitet i Agder 2009 med avhandlinga Høgtlesar, barn, bildebok. Vegar til meining og tekst.
Foto: Siv Systad
Foto: Siv Systad
Ho var avdelingsleiar ved Vognstølen barnehage i Bergen 1987–1996, universitetslektor ved Universitetet i Stavanger 1998–2010 og førsteamanuensis ved lærarutdanninga ved Høgskolen i Bergen frå 2010.
Saman med Tone Birkeland og Gunvor Risa gav ho ut Barnelitteratur. Sjangrar og teksttypar i 2000 (ny utgåve 2006). Boka er retta mot barnelitteraturstudiet i førskule- og allmennlærarutdanninga.
Ingeborg Mjør og Nina Goga var redaktørar for Møte mellom ord og bilde (2001), og Mjør var redaktør for Kulturbarnehagen (2002). I 2010 kom Temahefte om språkmiljø og språkstimulering i barnehagen, gitt ut av Kunnskapsdepartementet. Medforfattarar er Trude Hoel og Anne Høigård.
Mjør var barnebokkritikar i Bergens Tidende 1997–2000, skreiv barnebokmeldingar for Dag og Tid, var redaktør for kulturavisa for barnehage og småskule, Pirion (2000–2004) og sat i redaksjonen for det digitale tidsskriftet Barnelitterært forskningstidsskrift (frå 2010).
Mjør var styremedlem i Norsk barnebokinstitutt (2008-2014) og sat i to av underutvala i Kulturrådet (2000–2008). Ho hadde ei rekkje verv i Noregs Mållag gjennom mange år, mellom anna fylkesleiar i Hordaland, leiar i Stavanger Mållag og styremedlem og nestleiar i Noregs Mållag.
Kjelder
E-post frå Ingeborg Mjør 7.11.2011
Tor Martin Lien: «Disputerer på bildebok-lesing», Universitetet i Agder, publisert 27.11.2009, http://www.uia.no/portaler/aktuelt/nyhetsarkivet/disputerer_paa_bildebok-lesing [lesedato 5.11.2011]
Peikarar

Først publisert: 24.01.2012
Sist oppdatert: 21.10.2014