Hopp til innhold
Biskop Ingeborg Synøve Midttømme.
Biskop Ingeborg Synøve Midttømme.
X
Innhald

Ingeborg Synøve Midttømme

Ingeborg Synøve Midttømme, fødd 1961, er teolog. Ho studerte ved Menighetsfakultetet,  tok embetseksamen i 1986 og praktisk-teologisk eksamen i 1987.
 
Midttømme arbeidde som kapellan i Høybråten i Oslo til 1993, og var sokneprest i Sørfold i Sør-Hålogaland 1993-1997. Midttømme var kapellan i Hauketo-Prinsdal i Oslo fram til ho som første kvinne tok over som leiar i Den norske kirkes Presteforening i 2003. Frå 2008 har Midttømme vore biskop i Møre.

Først publisert: 30.08.2012
Sist oppdatert: 30.08.2012