Hopp til innhold
Bilete av diktarpresten, skalden, granskaren, omsetjaren Ivar Mortensson-Egnund. På baksida av biletet står det «Til Nybu-folka. Gledeleg jul alle saman. Helsing frå Egnundgubben». Eigar: Musea i Nord-Østerdalen, Anno museum (inventarnr. MINØ.041871) CC BY-NC-SA 4.0.
Bilete av diktarpresten, skalden, granskaren, omsetjaren Ivar Mortensson-Egnund. På baksida av biletet står det «Til Nybu-folka. Gledeleg jul alle saman. Helsing frå Egnundgubben». Eigar: Musea i Nord-Østerdalen, Anno museum (inventarnr. MINØ.041871) CC BY-NC-SA 4.0.
X
Innhald

Ivar Mortensson-Egnund

Ivar Julius Mortensson(-Egnund frå 1918), bondeson frå Alvdal som vart avismann, forfattar, anarkist, bibelomsetjar, prest og gardbrukar. Han var svært interessert i religionshistorie og mytologi, og tidleg på 1900-talet sette han dei norrøne Edda-kveda om til nynorsk.

Mortensson var fødd 24. juli 1857 i Folldal og døydde 16. februar 1934. Faren var ordførar i mange år og stortingsmann 1868–1885.

 
Då Mortensson tok teologisk embetseksamen i 1883, skal han ha vore den første som brukte landsmål ved den munnlege prøva. Han hjelpte Arne Garborg med Fedraheimen frå starten og var bladstyrar frå 1883. Kristendomen var viktig for han, men han verdsette òg andre tradisjonar og var ofte kritisk til den etablerte kyrkja. I ein tiårsperiode frå slutten av 1880-åra forkynte han anarkistiske synsmåtar.
 
I 1909 vart Mortensson ordinert til prest, og han hadde stillingar både som stiftskapellan og som sokneprest fram til 1918. Deretter brukte han arbeidskrafta si på bibelomsetjing og andre litterære oppgåver.

Diktarhuset «Egg», som Ivar Mortensson-Egnund nytta som skrivarstove i Folldal. Huset er i dag under forvaltning av Musea i Nord-Østerdalen. Foto: Musea i Nord-Østerdalen (inventarnr. MINØ.123780) CC BY-NC-SA 4.0.

Diktarhuset «Egg», som Ivar Mortensson-Egnund nytta som skrivarstove i Folldal. Huset er i dag under forvaltning av Musea i Nord-Østerdalen. Foto (2009): Musea i Nord-Østerdalen på digitaltmuseum.no (inventarnr. MINØ.123780) CC BY-NC-SA 4.0.

Tidleg målmann

Alt frå slutten av 1860-åra gjekk Mortensson på skule i hovudstaden, og frå artiumstida var han nær ven med menn som Arne Garborg og Moltke Moe. Han vart inspirert av Christopher Bruuns folkelege grunntankar og reiste rundt i landet for å samle segner og folkeviser.
 
I 1870- og 80-åra var Mortensson av dei som gjorde mest praktisk arbeid for målsaka – gjennom skriving i Fedraheimen, målkurs i Asker og Kristiania og undervisning ved folkehøgskulen i Seljord.

Ivar Mortensson-Egnund talar på eit ungdomsstemne i Folldal, truleg i 1932. Foto: Mikael G. Plassen. Kjelde: Musea i Nord-Østerdalen på digitaltmuseum.no (inventarnr. MINØ.043968) CC BY-NC-SA 4.0.

Ivar Mortensson-Egnund talar på eit ungdomsstemne i Folldal, truleg i 1932. Foto: Mikael G. Plassen. Kjelde: Musea i Nord-Østerdalen på digitaltmuseum.no (inventarnr. MINØ.043968) CC BY-NC-SA 4.0. 

Fridomspolitikk – og anarkisme

Som dei fleste målmenn i samtida høyrde Mortensson til på venstresida i politikken. Han var oppteken av ei folkeleg frigjering frå embetsveldet og pengemakta. Ut gjennom 1880-åra vart han meir radikal, og Fedraheimen enda opp som organ for ein særeigen norsk «bygdeanarkisme».
 
For Mortensson handla det om at ei guddomleg naturlov fanst i alle menneske. Difor ville han ha minst mogleg tvang for individet, frie semjer i staden for lover, fritt «samnøyte» eller sambruk i staden for privat eigedom. Kyrkjer og skular skulle vere heilt frie i høve til staten eller andre autoritetar.
 
Å vere kristen og å vere revolusjonær såg Mortensson som to sider av same sak. I dei første 1890-åra reiste han over det meste av Sør-Noreg og heldt eit par hundre foredrag om emne som «Kristendomen», «Fridomen» og «Matløysa» – og om Arne Garborg.

Bibelomsetjar, mytegranskar og prest

Allereie i studietida byrja Mortensson å setje om bibelske og andre religiøse tekstar til norsk landsmål. Han la seg nærmare austnorsk talemål enn dei trufaste Aasen-tilhengjarane, og han la så stor vekt på å gi att poesien i tekstane at det stundom låg nærmare gjendikting enn direkte omsetjing.
 
Samstundes skal det seiast at det poetiske er eit integrert og avgjerande element i mange av dei bibelske grunntekstane. Det gjeld ikkje minst profetbøkene og songane i Det gamle testamentet. I den første heile Bibelen på nynorsk (som Studentmållaget gav ut i 1921) var det Mortensson som stod bak omsetjingane av Høgsongen, Joel og Amos.
 
Etter «anarkistrida» kring 1890 og nokre år som gardbrukar fordjupa Mortensson seg i religionshistoria og freista å finne samklang mellom gamle mytar frå Bibelen, Norden og det fjerne Austen. Vitskapleg vurdert var nok granskingane «meir fantasiflog og arbeidshypotesar enn klårt utforma meiningar, meir biletrike diktarsyner enn saklege resultat» (Olav Midttun). Men engasjementet ber tydeleg bod om Mortenssons opne og søkjande haldning til grunnspørsmåla i tilværet.
 
Som førtitoåring tok han praktisk-teologisk eksamen og vart ordinert til prest i Den norske kyrkja. Etter ei kort tid som stiftskapellan i Hamar vart han sokneprest i Fyresdal 1910–1914, deretter stiftskapellan med ansvar for nynorskgudstenester i Kristiania og til slutt sokneprest i Løten 1916–1918.

Venesæl vismann og dugande diktar

Mortensson er skildra som både alvorleg og morosam. Han var ein idealistisk tenkjar som ville alle vel. Talande i så måte er vitnemålet som biskop Jens Tandberg gav han i 1916: «Tiltrods for sin tidligere virksomhed som redaktør for et 'anarkist-kommunistisk organ' er hr. Mortensson personlig en meget fredsæl og omgjængelig mand.»
 
Gjennom eit langt liv gjorde han ein stor innsats for målsaka i Noreg. Frå den vide litterære produksjonen kan nemnast utgreiinga Bondeskipnad i Noreg i eldre tid, det historiske skodespelet Varg i veum, biografiar om Ivar Aasen og Arne Garborg og diktsamlinga Paa ymse Gjerdom. Ein tekst av Mortensson som mange kjenner framleis, er «Flaumen går, i Noreg er vår».

Kjelder

Jarle Bondevik: Og Ordet vart nynorskSoga åt den nynorske Bibelen. Bergen 2003
Klaus Langen: Ivar Mortensson Egnund. Oslo 1957
Olav Midttun: «Mortensson, Ivar Julius», Norsk biografisk leksikon, bd. 9. Oslo 1940
Riksarkivet: Kyrkjedepartementet, Geistlege embetssøknader

Først publisert: 04.09.2009
Sist oppdatert: 13.09.2018