Hopp til innhold
X
Innhald

Jacques Maritain

Jacques Maritain, 1882–1973, var fransk-katolsk filosof og nythomist (jf. thomisme). I mange år var han ein av forgrunnsfigurane innanfor katolsk tenking, med påverknad langt ut over kyrkjegrensene. Verket Christianisme et Démocratie kom ut på norsk (Kristendom og demokrati) i 1949.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.08.2012
Sist oppdatert: 04.08.2012