Hopp til innhold
X
Innhald

James Clerk Maxwell

James Clerk Maxwell, 1831–79, var skotsk fysikar. Han er mest kjend for arbeida med kinetisk gassteori og elektromagnetisme. Maxwell innførte statistiske tenkjemåtar i fysikken.
 
I 1864 samla Maxwell «alt» ein visste om elektromagnetismen i fire matematiske uttrykk som blir kalla Maxwells likningar. Han gjekk ut frå eksistensen av elektromagnetiske bølgjer, påvist av Hertz i 1887.

Først publisert: 01.12.2011
Sist oppdatert: 01.12.2011