Hopp til innhold
X
Innhald

Joan Miró

Joan Miró, 1893–1983, var spansk (katalansk) målar, grafikar og bilethoggar.

Han utvikla ei personleg og eigenarta uttrykksform som var nær knytt til surrealismen. Miró vart kjend for enkelheit, humor og rik fantasi. Han fekk utsmykkingsoppgåver i USA og ved UNESCO-hovudkvarteret i Paris (1958). I tillegg utførte han monumentalskulpturar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.11.2017
Sist oppdatert: 15.11.2017