Hopp til innhold
X
Innhald

John Raleigh Mott

John Raleigh Mott, 1865–1955, var amerikansk metodist, internasjonal kristeleg leiar, med-grunnleggjar og i mange tiår leiar for ei rekkje internasjonale organisasjonar, særleg i det internasjonale KFUM og greiner av KFUM, mellom anna Verdens kristelige studentforbund og Det internasjonale misjonsråd. Innsatsen til Mott representerte ei viktig kraft i den økumeniske rørsla. Han vart ærespresident då Kirkenes Verdensråd vart danna i 1948 og fekk Nobels fredspris i 1946 saman med Emily Greene Balch.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.08.2012
Sist oppdatert: 30.08.2012