Hopp til innhold
X
Innhald

John Stuart Mill

John Stuart Mill, 1806–73, var engelsk filosof og sosialøkonom. Han var talsmann for den økonomiske liberalismen og sentral innanfor utilitarismen, som hevda at den størst moglege lukka for flest mogleg berre kunne oppnåast dersom kvar einskild prøvde å oppnå personleg lukke (Utilitarianism, 1863). Mill påstod at demokratiet ville utarte til eit fleirtalstyranni viss ikkje rettane til mindretalet vart sikra. Han kjempa for politisk frigjering for kvinner, og saman med kona, Harriet Taylor, skreiv han On the Subjection of Women (1869). Av andre verk er Principles of Political Economy (1848) og On Liberty (1859).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.08.2012
Sist oppdatert: 04.08.2012