Faktaboks

Karin Moe

Karin Helga Moe

Fødd
3. desember 1945, Skien
Karin Moe
Karin Moe. Foto 1980.
Av /Oslo Museum.
Lisens: CC BY SA 3.0

Karin Moe er forfattar og litteraturkritikar. Ho er ein eksperimenterande skribent og debattant med impulsar både fra postmodernisme, feministisk litteraturkritikk og moderne psykoanalytisk teori.

Bakgrunn

Karin Helga Moe er fødd i Skien. Ho er cand.philol. med hovudfag i fransk litteratur. Ho arbeidde som adjunkt ved Fosen gymnas i 1974 og var timelærar ved Universitetet i Oslo 1975 til 1981. Ho har vore tekstforfattar, forlagskonsulent og redaktør av Kritikkjournalen og nestleiar av styret i Norsk Forfattarsentrum.

På 1980-tallet var Moe med i den poetiske aksjonsgruppa Stuntpoetene saman med Torgeir Rebolledo Pedersen, Triztan Vindtorn, Arne Ruste, Thorvald Steen, Erling Kittelsen, Jón Sveinbjørn Jónsson og Thor Sørheim.

Forfattarskapen

Moe har sidan 1970-talet skrive mange artiklar i diverse tidsskrift og blad, som Vinduet, Basar, Kontrast, Sirene, Kjerringråd o.fl. Ho er ein av dei mest eksperimenterande forfattarane i nyare norsk litteratur. Ho debuterte i 1980 med boka Kjønnskrift, der ho braut med det meste av gjengse sjangerreglar og litterære språkvanar.

Sjangereksperiment og språkkritikk

Tradisjonell sjangerforståing er vanskelege å bruke om Moe sine verk, men 39 Fyk (1983) og Mordatter (1985) er det rimeleg å kalle diktsamlingar. Dei er likevel gjorde «ureine» ved å vere innehalde andre tekstinnslag. KYKA/1984 (1984) inneheld både ein roman og ei samling dikt. Sjanger (1986) består av tekstar av ulike sjangrar.

Dei to samanhengande romanane Blove 1. bok (1990) og Blove 2. bok (1993) er sterkt eksperimenterande romanar. Her og i seinare bøker sjonglerer forfattaren dristig med nye blandingar av dikt og kortprosa, saman med ordspel og slang.

Denne uhemma blandinga av dikt, forteljing og essayistikk gir tekstar med mange stilnivå og meiningsplan. Samstundes blir skiljet mellom sjangrane, og skiljet mellom sakprosa og skjønnlitteratur, viska ut.

Med desse bøkene braut Karin Moe radikalt med sosialrealismen frå 1970-talet, både formelt og tematisk. Ho avviste den store forteljinga og den realistiske teksten.

Feminisme

Som feminist kritiserte Karin Moe det eksisterande språket for å vere mannsdominert og fallossentrisk og maktberande. Inspirert av fransk feminisme, teoretikarar som Hélène Cixous og Luce Irigaray, utforska og tenkte ho i skriftene sine rundt spørsmålet om ein eigen feministisk poetikk, ei særeiga kvinneleg skrift, écriture feminine. Ho leita etter eit alternativt «kvinnespråk» som kunne bere og uttrykkje kvinners identitet og erfaringar.

Bøkene hennar kan lesast som utprøvingar av dette prosjektet. Strategien var å undergrave og utfordre det dominerande maktspråket med frekk ironi og alternative tekstar. Dei mangslungne, laussleppte og innfallsrike tekstane hennar om kvinner, kropp og kjønnsforhold kan gjerne lesast som eksperiment og utforskingar i kvinnepsyke og kvinnespråk.

Provoserande stil

Karin Moe er ikkje lesarvennleg i vanleg forstand. Med tekstar fulle av avsporingar og innfall, idémylder og kaos utfordrar ho lesaren sitt behov for samanhengande meining og set vanlege førestillingar og forventningar til litteraturen på prøve. I tekstmylderet hennar er dessutan mykje usagt, og ein god del overlate til lesarfantasien.

Ho utforskar forholdet mellom kropp og skrift med tabuord og sterke gloser. Dette har verka provoserande. Både Kringkastingsrådet og meldarane protesterte mot den kraftige bruken av «kjønnsord» då Karin Moe i 1980 las opp frå debutboka si Kjønnskrift i radio.

Karnevalisme

Karin Moe er lærd og akademisk og folkeleg og rampete på same tid. Bøkene er fulle av referansar til filosofiske og litteraturvitskaplege skrift. Ho kan hente impulsar frå fransk surrealisme, moderne psykoanalyse og poststrukturalistisk feministisk teori, så vel som frå folkespråket og folkelege kunsttradisjonar. Med språkleg undergraving og blanding av høgt og lågt plasserer ho seg også i den lange tradisjonen i europeisk litteratur som vi kallar karnevalisme.

Prisar

I 2013 mottok Moe Doblougprisen for sitt forfatterskap saman med Torgeir Rebolledo Pedersen.

Bibliografi

  • Virkeligheten (Roman, Samlaget, 2013)
  • Skrifter (Essays, Samlaget, 2012)
  • JO. Å lesa Bibelen 1995 (Essays, Aschehoug, 1995)
  • Blove 2. bok (Roman, Aschehoug, 1993)
  • Blove 1. bok (Roman, Aschehoug, 1990)
  • Sjanger (Sakprosa, Aschehoug, 1986)
  • Mordatter (Lyrikk, Aschehoug, 1985)
  • KYKA/1984 (Roman, Samlaget, 1984)
  • 39 FYK (Kortprosa, Aschehoug, 1983)
  • Kjønnskrift (Lyrikk, Aschehoug, 1980)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Rottem, Øystein: Norges litteraturhistorie, b. 8: Vår egen tid, 1998.
  • Sigrid Bø Grønstøl: «Vestlandslitteraturen» i Vestlandets historie. Kultur, bd. 3, s. 233. Bergen 2006

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg