Hopp til innhold
X
Innhald

Karl Marx

Karl Marx, 1818–83, var tysk-jødisk filosof og sosialistisk teoretikar. Han budde i eksil i Paris og Brussel i ei årrekkje, og i London frå 1849.
 
Opphavleg tok han utgangspunkt i filosofien til Hegel og læra hans om den dialektiske utviklinga, men forfekta ei materialistisk historieoppfatning. I 1844 innleidde han det livslange samarbeidet med Friedrich Engels og gav ut Det kommunistiske manifest saman med han i 1848.
 
Hovudverket til Karl Marx var Das Kapital (1. band 1867, 2. og 3. band gitt ut av Engels i 1885 og 1894). Han gav ut ei lang rekkje filosofiske, økonomiske og historiske verk. Marx var med og stifta den 1. Internasjonale i 1864 og var den første leiaren fram til 1872.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.08.2012
Sist oppdatert: 05.08.2012