Hopp til innhold
X
Innhald

Kjersti Mjør

Kjersti Mjør, journalist, har arbeidd i NRK og i Bergens Tidende og har fått fleire utmerkingar for arbeidet sitt.

Kjersti Mjør er fødd 22. april 1965 og voks opp i Granvin kommune i Hordaland. Ho tok vidaregåande skule i 1981–84 og er utdanna cand.mag. ved Universitet i Bergen, med faga etnologi og mediefag (1984–88). Mjør var nynorskpraktikant i NRK i 1989, og ho arbeidde i NRK fram til ho blei tilsett i nyhendeavdelinga i Bergens Tidende i 1997.

Mjør har vore programleiar for «Ut i naturen» og «Min tur» i NRK. I 1998 var ho redaktør for Norsk kulturårbok, saman med Georg Arnestad. I reiseboka 52 opplevingar i Hordaland (2010) skildrar ho 52 fotturar i heimfylket, saman med fotograf Helge Skodvin.

I Bergens Tidende har Kjersti Mjør arbeidd mykje med helsestoff, og som journalist er ho oppteken av at språket skal vere kort og enkelt, men også uttrykksfullt.

I 2008 fekk Mjør NTBs språkpris og i 2011 J.W. Eides journalistpris for tekstar av høg kvalitet, der ho viser respekt og kjem tett på dei menneska ho skriv om. Ho fekk Sølvparaplyen frå Bergen Journalistlag i 2016 og Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2019. Mjør skriv både bokmål og nynorsk.

Kjersti Mjør har vore både medlem og nestleiar i styret i Kringkastingsringen.

Kjelder

«Kjersti Mjør (46)», journalisten.no, publisert 7.2.2012: https://journalisten.no/media/kjersti_mjor_46 [lesedato 11.2.2018]

NTB: «NTBs språkpris 2008 tildelt journalist Kjersti Mjør», ntbinfo.no, publisert 16.10.2008: https://www.ntbinfo.no/pressemelding/ntbs-sprakpris-2008-tildelt-journalist-kjersti-mjor-?publisherId=89185&releaseId=107440 [lesedato 11.2.18]

Peikarar

Katrine Geard: «Kjersti Mjør fekk NTB-prisen», journalisten.no, publisert 16.10.2008 

Gard L. Michalsen: «BT-journalister hedret for avsløringene som endte Trude Drevlands politiske karriere», medier24.no, publisert 11.3.2017 

«Nynorsk journalistpris til Kjersti Mjør», nynorskmediesenter.no, publisert 7.5.2019

Først publisert: 12.12.2018
Sist oppdatert: 14.06.2019