Hopp til innhold
X
Innhald

Knut Markhus

Knut Olson Markhus, lærar, målmann, fråhaldsmann, venstremann. Han hadde ansvaret for å lose Noregs Mållag gjennom den tyske okkupasjonen 1940–45.
Markhus var fødd i Skånevik 7. november 1878 og døydde 7. august 1963. Med utdanning frå Notodden private seminar i 1899 var han lærar og skulestyrar fleire stader, redigerte Haugesunds Avis 1911–13, skipa Sunnhordland folkehøgskule i 1913 og var styrar der. Han var skuledirektør i Nidaros 1929–33 og i Bjørgvin 1933–48, men blei avsett av Nasjonal Samling 1942–45.
 
Han var med i kommunestyret i Haugesund 1909–11, i Fjelberg 1916–19 og i Strinda 1932–33. Markhus var stortingsrepresentant for Hordaland 1922–30 og 1937–45, parlamentarisk leiar i Venstre 1928–30, og odelstingspresident i 1945.
 
Han var formann i Noregs Høgskulelærarlag 1917–24. Seinare var han formann i Noregs Mållag 1936–46. I åra 1942–45 låg verksemda i denne organisasjonen nede.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 20.08.2010