Hopp til innhold
X
Innhald

Kolbein Melvær

Kolbein Melvær var skodespelar ved Det Norske Teatret og seinare lensmann i Dale i Sunnfjord, der han vart ein viktig støttespelar for den unge forfattaren Jakob Sande.

Kolbein Melvær var fødd 9. oktober 1890 på Bulandet i Sogn og Fjordane og døydde 5. september 1945 i Dale i Sunnfjord.

Etter nokre år i Bergen, der Melvær var tilsett hos amtsmannen (fylkesmannen), med titlar som embetskontorist og justitskontorist, flytta han til Oslo og vart skodespelar ved Det Norske Teatret frå 1913 til 1917. Her var han med i 16 spelstykke, både folkekomediar som Friarar av Olav Hoprekstad og meir seriøse stykke, som Hannemor av Gerhart Hauptmann, tysk nobelprisvinnar i litteratur i 1912. Eit oversyn over alle teaterstykka han var med i på Det Norske Teatret, er prenta i ein artikkel av Sveinung Næss (2004): «Kolbein Melvær. Fra 'Lensmannen' på Det Norske teatret til lensmann i Fjaler».

I 1917 flytta Melvær attende til Bergen, igjen tilsett hos Fylkesmannen, no med tittelen fylkesfullmektig. Han vart verande i Bergen til nyåret 1923. Då flytta han til Dale i Sunnfjord, der han var tilsett som lensmann frå 1.1.1923. Denne stillinga hadde han til han døydde i 1945, av tuberkulose.

I åra før han flytta til Dale, var Melvær knytt til Edvard Drabløs sitt teater i Bergen og var med på fleire turnear med dette ensemblet. I 1922 var han også leiar i Sunnfjordlaget i Bergen.

Melvær var ei viktig støtte for Jakob Sande i åra før den unge sambygdingen debuterte som forfattar i 1929. Han oppmuntra Sande når avslaga på manus kom, og han tok det unge diktartalentet med på ulike oppdrag i kommunen, der Sande opplevde menneske og hendingar som gav inspirasjon til dikt. Melvær var teatermeldar og hadde sjølv fleire dikt på trykk i Gula Tidend i 1920-åra, og han skreiv den første større oversynsartikkelen som freista å sjå heilskapen i Sandes forfattarskap, i Ung Noreg i 1936.

Kjelder

Telefonsamtale med Kirsten Stavøstrand 31.1.2019

Sveinung Næss: «Kolbein Melvær: Fra 'Lensmannen' til Det Norske Teatret til lensmann i Fjaler», i Ove Eide (red.): Jakob Sande. 2004, årbok frå Jakob Sande-selskapet. Dale i Sunnfjord 2004

Om Kolbein Melvær i folketeljinga for Bergen i 1910, digitalarkivet.no: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036708015423

Om Kolbein Melvær i «Ministerialbok for Johannes prestegjeld 1900–1912», digitalarkivet.no: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007622351

Først publisert: 26.11.2019
Sist oppdatert: 26.11.2019