Hopp til innhold
X
Innhald

L. Lind Meløy

Lydolf Lind Meløy, skulemann og politikar. Han samla lærarane i éin organisasjon, vart skuledirektør i Finnmark og arbeidde for styrking av samisk språk og kultur.

Lind Meløy var fødd 11. april 1908 i Øksnes og døydde 25. mai 1999 i Sarpsborg. 17 år gammal flytta han til Stranda på Sunnmøre. Han gjekk på folkehøgskule i Fana, tok lærareksamen i Volda i 1934, examen artium i Oslo i 1942 og studerte pedagogikk ved Noregs Lærarhøgskule 1950–51.
Meløy var lærar i Kautokeino 1937–39, Kirkenes 1939–45 og Vadsø 1945–48. 1948–68 var han skuleinspektør i Karasjok og la ned eit stort arbeid i gjenoppbygginga av skulestellet, som låg i ruinar etter krigen.
Frå 1959 var Meløy styremedlem i Norges Lærerlag, frå 1962 formann. Han var den første formannen som ikkje kom frå Oslo. Lærarane var på den tida splitta i ni organisasjonar, og Meløy sette seg føre å samle dei. Norges Lærerlag, Norges Lærerinneforbund, Norges Skolelederlag og Norsk Øvingslærerlag gjekk saman i Norsk Lærarlag i 1966. Meløy var formann til han i 1968 vart han utnemnd til skuledirektør i Finnmark. Han hadde denne stillinga til han gjekk av for aldersgrensa i 1978.
Meløy var ordførar i Karasjok frå 1956 til 1962. 1958–61 var han vararepresentant til Stortinget for Venstre.
Han var oppteken av samane si stilling. I 1956 vart han medlem i Komiteen til å utgreie samespørsmål («Samekomiteen») og utfordra dermed «fornorskingspolitikarane» i Finnmark. Han var formann i redaksjonskomiteen for samisk-norsk lesebok, som kom i 1965–70. Som nestleiar i styret for NRK 1968–76 arbeidde han for å styrkje samisk språk og kultur gjennom NRK.
Meløy var målmann heile sitt vaksne liv og var i eldre år med og skipa mållag i både Varanger og Østfold. Som pensjonist arbeidde han med skulehistorie og gav i 1980 ut boka Internatliv i Finnmark. Han hadde sjølv vore internatstyrar.
I 1970 vart Meløy utnemnd som æresmedlem i Norsk Lærarlag. Han fekk Veteranknappen for lang og tru teneste i IOGT i 1981. I 1982 vart han tildelt Kongens fortenestemedalje i gull.
Kjelder
Lars Beite (red.): Norske skolefolk. Stavanger 1966
Innstilling fra komiteen til å utrede samespørsmål. Oslo 1959
L. Lind Meløy: Internatliv i Finnmark. Skolepolitikk 1900–1940. Oslo 1980
Lydolf Lind Meløy: Frå Strid til samling. Norges Lærerforening – Norsk Lærarlag. Oslo 1983
Lydolf Lind Meløy: Minne frå eit langt liv. Sarpsborg 1996
Olav Rovde: Vegar til samling. Norsk Lærarlags historie 1966–2001.  Oslo 2004
Torleiv Vaksvik: « Lydolf Lind Meløy – frå lærarlag til skuledirektør». Gjennom skolevinduet. Kristiansand 1994
Bjørn Aarseth: «L. Lind Meløy». Norsk biografisk leksikon, bd. 6. Oslo 2003
Peikarar

Først publisert: 07.03.2012
Sist oppdatert: 07.03.2012