Faktaboks

Lars Mæhle
Fødd
6. januar 1971, Sunndalsøra i Sunndal, Møre og Romsdal
Lars Mæhle
Lars Mæhle var nominert til Rivertonprisen i 2017.
Av /NTB scanpix.

Lars Mæhle er ein norsk litteraturvitar og ein produktiv forfattar av bøker for barn og unge både på nynorsk og bokmål.

Bakgrunn

Lars Mæhle er fødd på Sunndalsøra i Sunndal i Møre og Romsdal. Han tok vidaregåande skule 1987–1990, og han gjekk på Buskerud folkehøgskole 1990–1991. Mæhle er utdanna cand.philol. frå Universitetet i Oslo (1997) med hovudfag i litteraturvitskap og grunnfag i religionshistorie i fagkrinsen. Han skreiv hovudfagsoppgåve med tittelen «Lesere i og lesninger av metafiksjonslitteratur». Mæhle arbeidde nokre år som forlagsredaktør for pocketbøker i Gyldendal Norsk Forlag før han gjekk over til å jobbe som forfattar på heiltid.

Forfattarskapen

Mæhle skriv i fleire sjangrar og debuterte i 2002 med oppvekstskildringa Keeperen til Tunisia. Filmen Keeper'n til Liverpool er basert på boka og hadde premiere hausten 2010. I 2005 kom den frittståande oppfølgjaren Narnia-draumar. Ungdomsromanen Harry Houdinis elefant blei utgitt i 2008. I 2012 kom ungdomsromanen Fuck Off I Love You, der vald og val står i fokus.

Mæhle har gitt ut fleire bøker om Harry og Ivar. Den første, Harry og Ivar finn opp krutet (2003), blei dramatisert for barnetimen og er òg sett om til dansk. Han har òg gitt ut bøker om Knoterud FK på begge målformer, i lettles-serien Leseløver.

Fantasyromanen Landet under isen kom i 2009. Boka har innslag av kriminallitteratur og religionshistorie, og handlinga går føre seg på industristaden Smalvik, der fire unge menneske er sakna. Landet under isen. Dødebok (2014) er ein frittståande oppfølgjar. I spenningsromanen Bouvetøya 2052 er handlinga lagt til framtida, og på grunn av klimaendringane er verda annleis enn vi kjenner ho.

I 2011 kom den første boka for vaksne, novellesamlinga Korea. Noveller om kjærleik. Den mørke porten (2013) var den første kriminalromanen hans. Boka blei seld til Tyskland allereie før ho var gitt ut i Noreg. Psykologen Ina Grieg jaktar ein seriemordar då ho forstår at det dreier seg om fleire mord, etter at ein mann blir funne drepen i ein kyrkjeruin. I 2015 kom Linnès dystre lærdom, andre boka i serien om Ina Grieg.

Krimteam Siri & Max er ein serie for barn mellom 8 og 12 år, og Skoddefyrstens hevn (2015) var første boka i serien som kjem ut på bokmål. Siri Sandvik og Max Jenssen, som begge er 12 år gamle og bur i Heimvik, er heltane i serien. Mæhle har også skrive tre bøker i serien Dyrepasserne (2012–2013). Telle-Trollet (2016) er ei teljebok for dei minste.

Utmerkingar

Mæhle fekk Guro Sandsdalens litteraturpris i 2004. For Landet under isen fekk han Kulturdepartementets litteraturpris (2009), UPrisen (2010) og Fabelprisen (2010). Boka var òg nominert til Brageprisen. Han fekk også Nynorsk barnelitteraturpris 2014 for boka Landet under isen. Dødebok. I 2017 var Mæhle festspeldiktar under Dei nynorske festspela (no Festspela). I 2019 blei novellesamlinga Jag är Supermann (2017) kåra til ei av dei ti beste ungdomsbøkene som er skrivne på nynorsk etter år 2000.

Bibliografi

  • Sjøuhyret (barnebok, Kagge Forlag, 2021)
  • Krympekatastrofe (barnebok, Kagge Forlag, 2021)
  • Fantorangen går på ski (barnebok, Vigmostad & Bjørke, 2021)
  • Hvem tegnet bart på maleriet (barnebok, Ena forlag, 2021)
  • Mysteriene i Kråkeslottet barnehag. Påskeegg, krabber og mygg (barnebok, Ena forlag, 2021)
  • Fantorangen feirer bursdag (barnebok, Vigmostad & Bjørke, 2021)
  • Sykkeltyven (barnebok, Ena forlag, 2021)
  • Teatertrøbbel (barnebok, Kagge Forlag, 2021)
  • Talentiaden (barnebok, Ena forlag, 2021)
  • Hvor er kosebamsen? (barnebok, Ena forlag, 2021)
  • Skattejakten (barnebok, Kagge Forlag, 2020)
  • Gjett ordet med Lurivar. Andre ord (barnebok, Samlaget, 2020)
  • Mot stjernene er vi ingenting (ungdomsbok, Ena forlag, 2020)
  • Hvor er krabbene? (barnebok, Ena forlag, 2020)
  • Bestevennen (barnebok, Kagge Forlag, 2020)
  • Fantorangen bader (barnebok, Vigmostad & Bjørke, 2020)
  • Hvor er den mellomste Bukken Bruse? (barnebok, Ena forlag, 2020)
  • Mysteriene i Kråkeslottet barnehage. Pølser, boller og billetter (barnebok, Ena forlag, 2020)
  • Pokaltyven. Mysteriene på Maribakken skole (barnebok, Ena forlag, 2020)
  • Gjett ordet med Lurivar (barnebok, Samlaget, 2019)
  • Djevelen vil alltid finne deg (ungdomsbok, Samlaget, 2019)
  • Egget (billedbok, Kagge Forlag, 2019)
  • Svømmekonkurransen (billedbok, Kagge Forlag, 2019)
  • Hvor er myggen? (barnebok, Ena forlag, 2019)
  • Reisen (barnebok, Kagge Forlag, 2019)
  • Hvor er Lucia-kronen (barnebok, Ena forlag, 2019)
  • Hvem har tatt pølsene? (billedbok, Ena forlag, 2018)
  • Død eller levande (roman, Samlaget, 2018)
  • Hvor er billetten? (billedbok, Ena forlag, 2018)
  • Hvor er julenissen? (billedbok, Ena forlag, 2018)
  • Hvem har tatt brillene? (barnebok, Ena forlag, 2017)
  • Hvem gikk med utesko inne? (barnebok, Ena forlag, 2017)
  • Kattekrøll (barnebok, Samlaget, 2017)
  • Hvor ble det av alle sokkene? (barnebok, Ena forlag, 2017)
  • Hvem er bolletyven? (barnebok, Ena forlag, 2017)
  • Mesterhjernen (barnebok, Cappelen Damm, 2016)
  • Telle-trollet teller til ti (barnebok, Ena forlag, 2016)
  • Gjenferdet på Heimvik gods (barnebok, Cappelen Damm, 2016)
  • Skoddefyrstens hevn (barnebok, Cappelen Damm, 2015)
  • Bouvetøya 2052 (ungdomsbok, Samlaget, 2015)
  • Linnès dystre lærdom (krim og spenning, Samlaget, 2014)
  • Den mørke porten (krim og spenning, Samlaget, 2013)
  • Knoterud FK. Solskjærs rose (barnebok, Cappelen Damm, 2013)
  • Knoterud FK i hardt vær (barnebok, Cappelen Damm, 2012)
  • Tiger! Dyrepasserne (barnebok, Cappelen Damm, 2012)
  • Orangutang! Dyrepasserne (barnebok, Cappelen Damm, 2012)
  • Fuck off I love you (ungdomsbok, Samlaget, 2012)
  • Korea. Noveller om kjærleik (noveller, Samlaget, 2011)
  • Harry og Ivars detektivbyrå (barnebok, Samlaget, 2011)
  • Knoterud FK i Norway Cup (barnebok, Cappelen Damm, 2011)
  • Landet under isen (fantasy, Samlaget, 2011)
  • Keeperen til Tunisia (ungdomsbok, Samlaget, 2010)
  • Harry og Ivar tryllar jula inn (barnebok, Samlaget, 2010)
  • Knoterud FK. Lokaloppgjøret (barnebok, Cappelen Damm, 2010)
  • Knoterud FK mot Gamlehjemmet Old Boys (barnebok, Cappelen Damm, 2010)
  • Knoterud FK. Vennskapskampen (barnebok, Cappelen Damm, 2010)
  • Landet under isen (fantasy, Samlaget, 2009)
  • Harry Houdinis elefant (ungdomsbok, Samlaget, 2008)
  • Harry og Ivar i Junaited Statesen (barnebok, Samlaget, 2007)
  • Krølle-Knut grev seg ned til Kina (barnebok, Samlaget, 2006)
  • Narnia-draumar (ungdomsbok, Samlaget, 2005)
  • Den vesle kjempeboka (barnebok, Samlaget, 2004)
  • Harry og Ivar finn opp krutet (barnebok, Samlaget, 2003)
  • Keeperen til Tunisia (ungdomsbok, Samlaget, 2002)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg