Hopp til innhold

Leif Mæhle

Leif Magnar Mæhle, litteraturforskar og grunnleggjar av Norsk Litterær Årbok. Han var styreformann i Det Norske Samlaget, generalsekretær i Det Norske Videnskaps-Akademi og i 16 år skiftevis leiar og nestleiar i Norsk språkråd.

Leif Magnar Mæhle var fødd 17. mai 1927 i Sunndal og døydde 1. september 2016. Han tok examen artium som privatist ved Sunndalen private gymnas i 1946, lærarprøva ved Oslo off. lærarskole i 1950 og vart cand.philol. i 1952 frå Universitetet i Oslo. I 1969 vart han dr.philos. på ei avhandling om Olav Aukrust.
Mæhle var universitetslektor i norsk i Göttingen 1953–54 og i Lund 1955–61. Han var stipendiat i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo 1962–65, universitetslektor 1966–69 og professor i nordisk, særleg nynorsk litteratur, 1969–97.
Mæhle gav i 1955 ut Ibsens rimteknikk, redigerte i 1964 Ei bok om Tarjei Vesaas, som byggjer på hovudfagsoppgåver om Vesaas frå nordiske universitet, og gav i 1967 ut Frå bygda til verda. Studiar i nynorsk 1900-talsdikting, ei artikkelsamling om diktinga til Tore Ørjasæter, Kristofer Uppdal, Aslaug Vaa, Tarjei Vesaas og Tor Jonsson. I 1968 kom doktoravhandlinga Vegen til varden. Ein studie i Olav Aukrusts dikting. Seinare gav han ut ut bøker om Tore Ørjasæter og Aslaug Vaa. Han har òg redigert tekstutval frå Olav Aukrust, Kristofer Uppdal og Aslaug Vaa. I 2009 gav han ut Diktarar på leiting, som tek for seg leitingsmotivet i tekstar av Snorre, A.O. Vinje, Garborg, Duun og andre.
Frå 1966 til 1988 redigerte Mæhle Norsk Litterær Årbok (NLÅ), ei årbok han sjølv tok initiativ til. Årboka formidlar norsk litteraturforsking til eit breitt publikum, oppsummerer kvart år tendensar på det litterære feltet og har ein fyldig bibliografi over norsk litteraturforsking. Mæhle var òg medforfattar til Norsk–svensk ordbok för bokmål och nynorska, som kom i fleire utgåver.
Han var styreformann i Det Norske Samlaget 1972–81, skiftevis leiar og nestleiar i Norsk språkråd 1972–88, medlem av juryen for Nordisk Råds litteraturpris 1972–81 og ordførar i Foreningen Nordens representantskap 1983–91. Han var språkkonsulent ved Det Norske Teatret 1968–97 og var hovudredaktør av Det Norske Teatret 75 år 19631988, der han òg skreiv om nynorsk scenemål.
Mæhle vart vald inn i Det Norske Videnskaps-Akademi i 1975 og var generalsekretær der i 1986–97. Han var òg medlem av vitskapsakademia i Danmark og Sverige. I 1995 vart han heidra med J. Letterstedts nordiska förtjänstmedalj for innsatsen for nordisk samarbeid.
Kjelder
Liv Bliksrud og Vigdis Ystad (red.): Hugbod. Heidersskrift til Leif Mæhle på 70-årsdagen. Oslo 1997
Arild Bye: «Uppdals litterære forvaltar», Trønder-Avisa 22.06.2007
Otto Hageberg: «Leif Mæhle», Norsk biografisk leksikon, bd. 6. Oslo 2003
Letterstedtska föreningen och Nordisk Tidsskrift – en informationsbrochyr. Stockholm 2007
Leif Mæhle (red.): Det Norske Teatret 75 år 19631988. Oslo 1988
Leif Mæhle, Oddrun Grønvik, Einar Lundeby (red.): Fornying og tradisjon. Språkvern og språkrøkt 1972–1988. Oslo 1987
Svein Johs. Ottesen: «Professor Leif Mæhle: Særnorsk og nordisk», Aftenposten 16.05.1987

Dødsannonse, aftenposten.no: http://www.aftenposten.no/dodsfall#!page=0!name=Leif%20M%C3%A6hle [lesedato 30.11.2016]

Først publisert: 26.03.2010
Sist oppdatert: 05.12.2016