Faktaboks

Leiv Mjeldheim
Fødd
26. januar 1929, Haus (no Bergen), Vestland
Død
12. oktober 2011, Bergen, Vestland

Leiv Mjeldheim var historikar. Han arbeidde særleg med norsk politisk historie og publiserte det meste av arbeida sine på nynorsk.

Bakgrunn

Leiv Mjeldheim var fødd i Haus (no Bergen). Han tok magistergraden i statsvitskap ved Universitetet i Oslo i 1953. Frå 1955 til 1966 var han utanriksmedarbeidar i Bergens Tidende, og i frå 1966 var han universitetslektor i historie ved Universitetet i Bergen. Han var professor i samtidshistorie same staden frå 1975 til han gjekk av med pensjon i 1996.

Historikaren

Alt magisteravhandlinga i statsvitskap, Ministeriet Konow 1910–1912. Ein studie i parlamentarisme og partipolitikk (1955) var historisk orientert. Som historikar var fagområdet hans politisk historie og partitilhøve.

Mjeldheim sitt hovudarbeid var dei tre banda om Venstres historie, frå partiet blei skipa og fram til 1940: Parti og rørsle (1978), Folkerørsla som vart parti. Venstre frå 1880-åra til 1905 (1984) og Den gylne mellomvegen (2006). Han sameinte historisk og statsvitskapleg forsking og synte med det ei fleirfagleg tilnærming som var karakteristisk for den faglege produksjonen hans.

Mjeldheim var òg oppteken av lokalhistorie. Hans skreiv bygdebok for Haus, leidde arbeidet med Arnas historie og var sterkt oppteken av museumssaka i Hordaland.

Lærebøker og utdanningsopplegg

Mjeldheim skreiv lærebøker som blei «klassikarar», mellom anna Politiske prosessar og institusjonar (1969) og Det politiske system (1971), som begge kom i ei rekkje opplag.

Kring 1990 leidde Mjeldheim det store nasjonale etter- og vidareutdanningsopplegget «Norsk historie» i samarbeid med NRK, Norsk Fjernundervisning og alle dei faghistoriske miljøa i Noreg – truleg det største prosjektet av dette slaget i Noreg så langt.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg