Hopp til innhold
X
Innhald

Lene Marlin

Lene Marlin (eigentleg Lene Marlin Pedersen), fødd 1980 i Tromsø, er songar og musikar.
Marlin fekk ein sterk debut med singelen Unforgivable Sinner i 1998. Det året fekk ho éin Spellemannpris, og i 1999 fekk ho fire. I 1999 vart ho også kåra til Nordens beste artist av musikkanalen MTV.
 
Foto: Rashid Akrim, NRK P3 CC BY 2 0
Foto: Rashid Akrim, NRK P3 CC BY 2 0

Lene Marlin slo gjennom i fleire land; Japan, Storbritannia, Sverige, Italia og Frankrike. Debutalbulet Playing my game selde 1.8 millionar plater på verdsbasis og singelsalet var på over tre millionar.
 
Marlin har gitt ut albuma Playing My Game (1999), Another Day (2003) og Lost in a Moment (2005), Twist the Truth (2009) og Here We Are – historier så langt (2013).
 
Sjå videoen til Unforgetable Sinner
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.11.2013
Sist oppdatert: 19.11.2013