Hopp til innhold
Linn-Elise Øhn Mehlen
Linn-Elise Øhn Mehlen
Foto: Raud Ungdom
X
Innhald

Linn-Elise Øhn Mehlen

Linn-Elise Øhn Mehlen, tidlegare politikar og leiar i Raud Ungdom frå 2014 til 2018. Raud Ungdom er ungdomsorganisasjonen til partiet Raudt.

Linn-Elise Øhn Mehlen er fødd 28. oktober 1991 i Drammen i Buskerud. Ho gjekk på Wang videregående skole i 2007–08 og Oslo by steinerskole i 2008–09. Ho har arbeidd som regionssekretær for Raud Ungdom på Austlandet.
 
Øhn Mehlen var medlem i både Unge Høgre og AUF før ho melde seg inn i Raud Ungdom (RU). Ho var nestleiar i Oslo RU i 2010–11 og representant i landsstyret til Raud Ungdom i 2010–12. Deretter var ho medlem av sentralstyret som økonomiansvarleg i 2012–14, før ho blei vald til leiar i ungdomsorganisasjonen etter Seher Aydar i 2014. Mehlen hadde leiarvervet fram til 2018.
 
Som leiar i Raud Ungdom meinte ho at ungdomspartiet var viktig som motvekt til politikken til den sitjande Solberg-regjeringa. Når det gjeld skulepolitikk, ville Øhn Mehlen arbeide for fleire lærlingplassar, leksefri skule og færre privatskular. Ho ville arbeide for meir likskap i det norske samfunnet og mot rasisme, fåkunne og fordommar. Som RU-leiar ville ho òg arbeide mot det sterke reklamepresset når det gjeld utsjånad, som unge jenter blir utsett for.
 
Kjelder
E-post frå Linn-Elise Øhn Mehlen 13.4.2014
 
Svein Olav B. Langåker: «Vil kjempa mot skjønnsheitstyranniet», framtida.no: http://framtida.no/articles/vil-kjempa-mot-skjonnheitstyranniet [lesedato 13.5.14]
 
Peikarar

Først publisert: 28.01.2015
Sist oppdatert: 22.01.2019