Faktaboks

Lise Meitner
Fødd
7. november 1878, Wien, Austerrike
Død
27. oktober 1968, Cambridge, England
Lise Meitner
Lise Meitner som doktorgradskandidat i 1906.
Av /Master and Fellows of Churchill College.
Lise Meitner
Våren 1946 var Meitner besøkande professor ved Catholic University i Washington D.C. Der møtte ho finalistane i konkurransen Science Talent Search. Frå venstre: James Alexander Hummel, Lise Meitner, Iloka Karasz, James Benjamin Gibson, Stephen Reynolds Arnold, og George Loweree Gaines, Jr.
Av /Smithsonian Institution Archives.

Lise Meitner var ein austerriksk professor i fysikk.

Meitner dreiv kjernefysisk forsking på elitenivå og var med på å leggje grunnlaget for forsking innanfor kjernekraft og atomvåpen. Ho flytta til Berlin i Tyskland i 1907, og arbeidde ved Keisar Wilhelms Institutt frå 1913. Der møtte ho kjemikaren Otto Hahn, som ho i 30 år samarbeidde med om forsking på radioaktivitet og kjernefysikk.

Hausten 1938 måtte Meitner, som hadde jødiske anar, flykte til Stockholm. Der fekk ho stilling ved Manne Siegbahns Nobelinstitutt for fysikk ved Kungliga Vetenskapsakademien og seinare ved Kungliga Tekniska Högskolan. Hahn vart att i Berlin og heldt fram med forskingsprosjekta. Dei greidde å halde kontakt, og i eit brev frå Hahn jula 1938 fortel han om eit eksperiment han ikkje forstår utfallet av. Det gjer Meitner. Ho forklarer at det er urankjernen som er blitt delt, og at delinga vil frigjere store mengder energi. Oppdaginga vart avgjerande for utviklinga av atombomba under andre verdskrigen.

I 1944 fekk Hahn åleine nobelprisen for oppdaginga. Meitner vart nominert til nobelprisen tolv gonger, men nådde aldri opp. Ho var ein høgproduktiv forskar, med i alt 130 publikasjonar, men det var først etter krigen at ho hausta anerkjenning for det vitskapelege arbeidet sitt. Då vart ho æra i inn- og utland, og særleg i Tyskland, med prisar og utmerkingar.

Bakgrunn og utdanning

Lise Meitner var fødd i Wien i Austerrike. Ho tok examen artium i 1901 og doktorgraden i fysikk i 1906, med ei avhandling om elektromagnetisme. I 1907 flytta ho til Berlin. Ho vart leiar for avdeling for strålingsfysikk ved Keisar Wilhelms Institutt i 1918 og utnemnd til professor i fysikk i 1922. I 30 år samarbeidde ho med kjemikaren Otto Hahn om forsking på radioaktivitet og kjernefysikk.

I Meitner sin oppvekst var det berre gutar som hadde tilgang til examen artium og universitetsstudium. Etter folkeskulen utdanna ho seg difor til fransklærar, for å kunne undervise ved jenteskular. I 1899 vart universitetet i Wien opna for kvinner. Då byrja ho straks å lese gymnasfag, og etter to intense år tok ho examen artium som privatist i 1901. Same året vart ho immatrikulert ved universitetet og byrja å studere filosofi, matematikk og fysikk. Ho konsentrerte seg om naturvitskap, for i desse faga, meinte ho, kunne ein kome fram til absolutt sanning. Då ho tok doktorgraden i 1906, var det som andre kvinne ved universitetet.

Rundt førre hundreårsskifte vart det gjort store oppdagingar i fysikken, mellom anna innanfor røntgenstråling og radioaktivitet. Dette var nyvinningar som Meitner ville lære meir om. Etter eit møte med berlinprofessoren Max Planck bestemte ho seg for å reise til Berlin for å følgje førelesingane hans i kvantefysikk og sjølv forske vidare på radioaktivitet. Ho kom til Berlin i 1907, men som kvinne sleppte ho ikkje til ved universitetet. Med list og lempe ordna Planck det slik at ho fekk eit laboratorium i kjellaren. Det halvhemmelege livet varte til 1909. Då vart universitetet formelt opna for kvinner. Det var no lovleg for henne å forske, men løn fekk ho ikkje før i 1912.

Forskarkarriere i Berlin

Lise Meitner og Otto Hahn (1913)
Lise Meitner og Otto Hahn i laboratoriet i Dahlem, Berlin, i 1913.
Av /Smithsonian Institution.

I 1913 vart Meitner tilsett ved Keiser Wilhelms Institutt, og det nære samarbeidet med Otto Hahn tok form. Hahn var kjemikaren som utforma eksperimenta, Meitner fysikaren som forklarte prosessane. Under første verdskrigen vart Hahn send til Vestfronten, Meitner forska vidare på medisinsk utnytting av røntgenstråling, for deretter å verve seg som røntgensjukepleiar på Austfronten. Tilbake på instituttet i Berlin kom ho i 1918 på sporet av grunnstoffet protactinium. Oppdaginga gjorde at ho vart innstilt til nobelprisen i kjemi i 1924, men nobelkomiteen avgjorde at det ikkje skulle delast ut nokon pris det året.

I 1930-åra overtalte Meitner Hahn til å bli med på eit transuranprosjekt, der målet var å finne grunnstoff som er tyngre enn uran ved å tilføre uranet nøytron. Liknande prosjekt gjekk føre seg i andre land. Forskarane konkurrerte, men delte forskingsresultat med kvarandre. I 1935 publiserte Meitner ein artikkel som gav ny kunnskap om oppbygginga av atomkjernen og vilkåra for kjerneforandringar. I tida før hadde ho vore i Leningrad (no St. Petersburg) og halde foredrag om det same emnet for sovjetiske forskarar.

Oppdaginga av fisjon

Lise Meitner
Lise Meitner (ukjent årtal).
Av /IAEA Imagebank.
Lisens: CC BY SA 2.0

Meitner si forskarkarriere kulminerte i 1938. Etter eit par månader som flyktning i Sverige fekk ho i desember 1938 eit brev frå Otto Hahn der han gjer greie for eit eksperiment han ikkje forstår samanhengen i og som han bed Meitner om hjelp til å tolke. Ho drøftar spørsmålet med systersonen, fysikaren Otto Frisch, som var i Sverige nett då, og dei skjønar at det er ei uranspalting som har skjedd.

På kort tid identifiserer Meitner det ukjende stoffet som følgde av urankløyvinga, utarbeider den teoretiske forklaringa på kløyvingsprosessen og reknar ut den enorme energimengda fisjonen kunne føre til.

Analysen formidla ho til Hahn, som i januar 1939 publiserte funna i det tyske tidsskriftet Naturwissenshaften. Meitner sitt namn var ikkje nemnt. Artikkelen vart snart kjend i USA, og atomkappløpet mellom stormaktene tok til. I 1942 fekk Meitner tilbod om å vere med i det amerikanske atomvåpenprogrammet, men takka nei. Ho uroa seg over at forskinga ho hadde vore med på skulle brukast til militære formål, og ho vart forferda då dei første atombombene vart sleppte i 1945. Frå då av forska ho på fredeleg utnytting av kjernekraft, til ho i 1960 flytta til England.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Bengt Forkman: Lise Meitner – en levnadsteckning. Sverige 2006
  • Hedvig Hedqvist: Kärlek och kärnfysik. Lise Meitner, Eva von Bahr och en vänskap som förändrade världen. Sverige 2012
  • Patricia Rife: Lise Meitner and the Dawn of the Nuclear Age. USA 1999

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg