Hopp til innhold
X
Innhald

László Moholy-Nagy

László Moholy-Nagy [måhåj-nadj], 1895–1946, var ungarsk bilethoggar, målar og kunstteoretikar.

Moholy-Nagy var eksperimenterande, allsidig og ein viktig representant for konstruktivismen. Han var lærar ved Bauhaus i Tyskland frå 1923 til 1928. Frå 1937 verka han i USA, der han starta New Bauhaus. Elles gav han også ut fleire teoretiske skrift.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.09.2016
Sist oppdatert: 29.09.2016