Hopp til innhold
X
Innhald

Magne Myhra

Magne Myhra var forfattar og lærar. I bøkene sine viser han stor omsut for dei som har falle utanfor.

Magne Myhra var fødd på Voss 18. september 1930 og døydde same staden 5. juni 2018. Han tok lærarutdanning ved Stord lærarskule i 1951–55, og fram til 1978 arbeidde han som lærar i Bergen og på Voss. Lengst var han knytt til Voss folkehøgskule, der han var lærar frå 1963 til 1975, nokre av åra som timelærar. Frå 1978 hadde han kunstnarløn frå staten.

Myhra gav ut tre romanar, fire diktsamlingar og ei barnebok. Mot slutten av livet kom det to diktsamlingar, Tusen år for ein tanke. Dikt i utval (2004) og Med ope visir. Dikt i samling (2010). Han debuterte med romanen Mistelteinen i 1959, og alt i denne boka tek Myhra opp tema han ofte kom tilbake til. Eg-personen i boka er ein jødisk gut som vert plassert på utsida av det norske samfunnet, dels av di han er jødisk, dels av di han er handikappa. Kor vanskeleg det er å vere på utsida av samfunnet er òg temaet i Sønn av en kvinne (1978), som er ei sjølvbiografisk bok om oppveksten i Raundalen på Voss. Denne boka skreiv Myhra på bokmål, for å gi seg sjølv litt avstand til innhaldet. Alle dei andre bøkene hans er på nynorsk.

Også i dikta sine er han oppteken av likeverd og respekt. Her kjem det kristne livssynet hans ofte sterkare fram. Myhra skreiv òg fleire salmar, og i Salmer 1997, eit offisielt tillegg til Norsk salmebok, har han med «Ditt skaparverk, Herre».

Kjelder

Rolf Tepstad: «Ein bauta er borte», Hordaland 7.6.2018

Nettstaden til Magne Myhra, magnemyhra.weebly.com: http://www.magnemyhra.weebly.com/ [lesedato 8.9.2019]

Først publisert: 10.12.2019
Sist oppdatert: 10.12.2019